VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

VikL -blogg

I forhold til det å få tak i innhald å leggje ut her på VikL, er eg med jamne mellomrom rundt i Vik kommune og tek bilete, film og snakkar med folk. Dette har til no kun vore tilpassa dei kategoriane som er sat opp. For å utvida omfanget av kva det kan passa å ta med, er det vald å leggje til ein ekstra blogg -kategori.

Nyleg har eg involvert meg i eit prosjekt som det vil ta ei stund å gjennomføra, nemleg å dokumentera samlinga på Kristianhus, med intervju av Kristian. Eg er med å gjere dette, i samarbeid med andre, heilt frivillig, på grunnlag av interesse for historie. Me som er med ønskjer med dette for å vareta og vidareføre den kunnskapen som blant anna Kristian Otterskred har om kystkultur, båt og båtmotorar.

No i første omgang er det Kristianhus det handlar om, seinare kan det kanskje verta noko heilt anna det kan vere aktuelt å dokumentera. Forholda ligg i alle fall godt til rette for at det kan verta aktuelt å dokumentera meir, her i denne flotte kommunen.

Og for å ha ein ekstra «vid» kategori, der det høver å ta med det meste opprettar eg her «VikL -blogg», der det fortløpande, etter kvart som eg eller andre får oppleve nye ting som handlar om historie, kultur og kulturhistorie. Eller kanskje noko heilt anna, t.d. idrett.

Difor er blogg -formatet vald, rett og slett for å leggje til rette for kunna dela gode opplevingar av ulik slag, uansett kva det måtte vere.

Håpar det som kjem med her kan vere til glede for fleire.


Eit steg vidare

Ei lita oppsummering etter arbeidet som er gjort fram til no på Kristianhus.




Hovenaustet

Resturering av eldre lafta naust på Vikøyri




Velkommen til kristianhus

Ein liten velkomst video for sommaren 2019




Gamlostfestivalen 2019

På kai området under gamalostfestivalen.




KOMREG

Ein håpar at det digitale arkivet i framtida kan verta ein del av opplevinga for besøkjande som ønskjer å sjå Kristian Otterskred’s Motorsamling.




Båtane på Kristianhus

Etter ein liten pause kom me i gang med filminga igjen, denne veka.




Kvifor dokumentere samlinga på Kristianhus?

At ein plutseleg kunne forflytta seg mykje raskare langs fjord og kyst endra livet for den enkelte og samfunna dei var ein del av, langs kysten og i kvar ein fjord, i heile Noreg.




Snekketur

Søndag 7 april og måndag 8 april 2019 fekk eg moglegheit til å køyre strekninga Undredal -Vik -Nese (Arnafjord) i open snekke. Veret var fantastisk og eg fekk teke mange bilete og video klipp frå turen.




April, turistane kjem.

Har ein noko ein ønskjer å vise tilreisande bør ein ha i tankane at stort sett alle som kjem hit for fyrste gong, søkjer på internett, før dei kjem. Difor er det å vere synleg på nett svært viktig, vist ein ønskjer å nå ut til nye besøkjande eller kundar.




Ny veke på Kristianhus

Dette vart andre veka med dokumentasjon på Kristianhus. Men til no er me berre så vidt komme i gang.




Opptak frå Kristianhus.

Ein person som verkeleg har gjort noko for å vareta gjenstandar ein tidlegare nytta i ulike fjord og kyst -miljø. Og i tillegg kjenner historien om folka og liva som vart levd langs bygder og strender i Sognefjorden, er Kristian Otterskred.




Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: