VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Informasjon


All informasjon du finn her er lagd til vederlagsfritt. Ingen av dei bedrifter eller andre som er her treng eller skal betale for dei opplysningane som står her. Dette er ikkje ei kommersiell side, men ei side for opplysning og fri deling av informasjon. Bruk den informasjonen du finn her slik du sjølv måtte ønskje.

VikL er open for alle som ønskjer å sjå innhaldet her. Målet er at spesielt tilreisande, men også fastbuande skal kunne finne fram til ulike bygder, stadar, bygningar m.m. som er av ulik historisk og kulturell verdi. På ein heilt enkel måte.

Små og kvardagslege ting, bygg og stadar kan vera med å fortelje ein heilheitleig historie for ei bygd. Ein båtmotor kan fortelje meir enn bare motor lyd. Den vart ein gang laga på ein verkstad, kanskje i ein spesiell tidsperiode, den vart kjøpt av ein person og den vart kanskje nytta i ein heil spesiell båt av like spesielle folk. Og til slutt så vart den kanskje funne av ein motor interessert Sogning og plassert i eit lokalt museum i Vik.

Slike små og store ting kan få oss til å tenkje på vår nære historie og kva generasjonane før oss måtte gjere for å livberge seg og familiane sine. Difor er det viktig at me også tar vare på dei tinga som med første augekast, for nokon, kanskje ikkje har den største historiske verdien. For summen av alle desse historiske, gjenstandane, bygningane, gardane og mykje meir gir ein kommune som Vik eit heilt spesielt særpreg. Å besøke ei slik bygd er for mange ei eksotisk oppleving og det er viktig at det som er her blir varetatt og utvikla vidare.

Målet med VikL er nå ut til fleire om forteljingane om alt du kan finne og oppleve i dei bygdene som er med her. Og ein håpar at fleire kan ha både nytte og glede av å lese og sjå det som står skrive om her. Ta gjerne å oppsøk dei stadane m.m. du finn informasjon om, og opplev levande norsk bygdekultur.

Eg vil også takka dei som har hjelpt til med innhald og lete meg få bruka tekst og bilde som dei har skrive, teikna, tatt eller måla.

Følgjande personar vil eg gi ein spesiell takk:
Arne Inge Sæbø, for mange flotte og innhaldsrike tekstar og hjelp med å skaffe informasjon om Vik. Knut Hovland for å vise rundt og fortelje om Refsdal Kraftstasjon og for å la meg bruke tekst han har skrive. Og for informasjon om Sylvringen. Kristian Otterskred for gode forteljingar og godt samarbeid. Og spesielt Jon Oddvar Myrkaskog for at eg får bruke hans bilete her og for eit godt samarbeid og god hjelp med design og mykje anna. I tillegg vill eg takke følgjande personar for samarbeid og innspel i forhold til innhaldet på VikL: Ola Andersson

5. februar 2019

Absolutt alt innhald på VikL er under følgjande lisens:

Creative Commons-lisens
Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse 4.0 Internasjonal lisens.

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: