VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

KOMREG

Ein håpar at det digitale arkivet i framtida kan verta ein del av opplevinga for besøkjande som ønskjer å sjå Kristian Otterskred’s Motorsamling.

Publisert: 1. juni 2019 09:01

Det kan kanskje sjå ut som det ikkje har vore så stor aktivitet her på sidene den siste månaden, men det er ikkje tilfelle. For i bakgrunnen vert det jobba dagleg med å samle inn data frå Kristianhus og etter kvart også frå andre maritime interesser her i Vik.

I det siste har eg, Lars, sett opp ein server med det me har vald å kalla «KOMREG». Det er ei forkorting for «Kristian Otterskred’s Maritime Register». Arbeidet til no har for det meste vore å skanna inn alle registreringskorta som er oppbevart i arkivet for samlinga som står plassert på Kristianhus. Etter kvart som ein skannar desse inn, legg ein også den data som står på kvart einskild registreringskort inn i den databasen som har namnet KOMREG. I tillegg vil kvar av dei motorane, og andre gjenstandane som er registrert frå tidlegare, få oppdatert informasjon i form av bilde, meir tekst og video.

Dette er ein ganske krevjande og detaljert arbeid som tek tid, det er mange hundre motorar og båtar med meir som skal registrerast og leggjast inn.

Når ein har fått lagd inn all data som er tilgjengeleg skal me i tillegg gå over heile museet enda ein gong for å sjå om det er gjenstandar plassert der som ikkje har komme med i arkivet. Då vil me leggje inn eigne registreringskort for det som, eventuelt, ikkje har vore registrert tidlegare.

Til no, i løpet av våren, har me også fått gjennomført dei aller fleste av video opptaka, der Kristian Otterskred fortel om kvar einskild motor. Det me har igjen av opptak er når Kristian skal fortelje om eigne erfaringar frå livet på sjøen. Planen vidare, etter at alle video opptaka er gjort ferdig, er å redigere i løpet av sommar, haust og vinter.

Når ein har fått redigert videoane kan ein også få lagd desse saman med bilde og tekst inn i den same databasen, KOMREG.

Alt dette som blir systematisert og kopla saman vil etter kvart gi oss ein bra plattform for vidare digital framstilling der ein vil få svært mange moglegheiter framover.

Arbeidet med KOMREG har fått prioritering framfor nytt innhald her på VikL, den siste tida.

Men under Gamalostfestivalen vil me også starte å gjere andre og fleire opptak, lokalt, frå sommarlivet her på Vikøyri og andre stader langs fjorden i Vik kommune. Nye opptak frå Vik vil då komme som oppdateringar her på VikL.

Etter kvart, når arbeidet med registrering av gjenstandar, video redigering og anna blir ferdigstilt, vil me også begynne å jobbe for at det me har gjort skal komme flest mogleg til glede og nytte. Ein håpar at det digitale arkivet i framtida kan verta ein del av opplevinga for besøkjande som ønskjer å sjå Kristian Otterskred’s Motorsamling. Og at det kan bli eit nyttig hjelpemiddel for dei som ønskjer å lære meir om korleis livet langs fjorden var, den gong båten var det viktigaste framkomstmiddelet.

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: