VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Eit steg vidare

Ei lita oppsummering etter arbeidet som er gjort fram til no på Kristianhus.

Publisert: 3. august 2019 10:08

Dei siste månadane har det gått veldig mykje i Kristian Otterskred’s Motorsamling, for min del. Det har vore ein svært interessant og lærerik prosess, for meg sjølv. Fordi eg har hatt gleda av å gå detaljert gjennom heile samlinga og funne ut kva som er der.

For at fleire skal få vite litt om dei maritime skattane som er der, skriv eg denne litle artikkelen. Målet med med arbeidet har vore å styrkja samlinga sin samla, historiske verdi, slik at dette etter kvart blir ein del av opplevinga for dei besøkjande på Kristianhus. Og ein håper at så mange som mogleg kan få glede av det.

I samarbeid med Kristian Otterskred og etter kvart sonen Jan Harald har eg fått tilgang på alle data for samlinga, dette har eg samla inn, skanna og lagd inn i ein ny og moderne database. Dette er blitt eit eige register som har fått namnet KOMREG, Kristian Otterskred’s Maritime Register.

Ut frå dette arbeidet kan det opplysast om at samlinga inneheld omlag 300 registrerte motorar og båtar i tillegg til andre gjenstandar. Utanom dette er det også fleire andre gjenstandar som ikkje er registrert og ein har fortsatt ikkje full oversikt over alt. Difor har ein i denne omgang konsentrert seg om det som er registrert. Frå tidlegare har Nils Kvamme, Ola Hopperstad og Øystein Bang Olsen m.fl. gjort ein fenomenal jobb, med å registrere og katalogisere det meste. Av det som er utstilt på Kristianhus gjeld dette så og seie alt. Med nokre få unntak som er komme til i seinare tid.

Kristian Otterskred har sjølv gjort den unike jobben med å samle saman alt. Det har han gjort, med god hjelp av familie, venner og alle dei som har gidd motorar og andre gjenstandar til samlinga. I tillegg har fleire stilt opp og hjelpt til med arbeidskraft, opp gjennom åra.

Også Vik kommune har gjennom mange år vore ein stor og viktig støttespelar, både når det gjeld eigna lokale, men også på andre områder.

Å liste opp alle som har vore til hjelp og støtte har eg diverre ikkje nok oversikt til å gjere. Eg har nok også komme for seint inn i bildet til å kjenne til alle dei som har støtta opp om samlinga og arbeidet til Kristian.

Men resultatet har eg fått den gleda av å bli kjent med og det har overraska meg mange gonger kor mykje varierande og historisk viktige gjenstandar som er å finne i samlinga. Her finn ein komplett norsk motor, kyst og fjord -historie, presentert med blant anna Wichmann(var først ute med norsk to -takt motor, Finnøy( først i Noreg med fire takt -motor), Rap(første som dreiv marknadsføring), Sabb(størst og flest produserte motorar), BK -diesel(norsk v-motor) og mange fleire, i perioden 1905 – 1975.

Ein kan også finne slike raritetar som «KM motoren» som berre vart produsert ein av, laga i rustfritt stål og sveist saman. Eller svært tidlege modellar, slik som Alpha motor med open veiv.

I tillegg til motorteknisk historie finn ein i Kristian Otterskred’s Motorsamling historikk for svært mange av motorane. Her er det arkivert, i dei fleste tilfella, kven som har kjøpt, brukt og gidd motoren til samlinga. Nokre av motorane har også vore med på heilt spesielle hendingar og då er også det skrive ned og arkivert.

Ikkje minst har mange av desse motorane vore «motoren» som har drive heile livsverk eller verksemder.

Desse motorane har også, i mange tilfelle, spesielt lokalt, vore sjølve den industrielle revolusjonen. Før ein fekk motoren til mange veglause bygder her i Sognefjorden var livet uforandra og slik det hadde vore i hundrevis av år. Når motoren kom og ein kunne frakte meir, lenger og raskare enn nokon gong tidlegare, endra det liva til dei som budde her.

Det same gjorde motoren i forhold til fiske. Tidlegare måtte ein oftast ro for å både fange og kanskje selje litt fisk lokalt. Med motoren, saman med større båtar og meir effektive fiskereiskap, auka fangsten og ein fekk også moglegheit til å frakte fisken lenger for å selje den.

Også i Vik var motoren ein heilt sentral i etablering av den første industrien. For på grunn av motoren og moglegheiter til å fiske meir enn nokon gong tidlegare, var det her grunnlag for ein hermetikk fabrikk, Vik hermetikk. Samtidig var det første elektrisitetsverket i Refsdal ikkje større enn at ein faktisk måtte ha ein stasjonærmotor ståande på Vikøyri for å levere elektrisk kraft til øyringane og fabrikken.

I tillegg endra så klart også båtane karakter i den same perioden. Ein gjekk frå robåt, her i distriktet ofte Sognabåt, til større motorbåtar. Også dette kan ein studere nærmare i samlinga, blant anna fordi det er utstilt heile 12 båtar som viser denne utviklinga.

Etter å ha blitt skikkeleg kjend med samlinga i løpe av denne våren og sommaren kan eg stadfeste at i Kristian Otterskred’s Motorsamling er det svært mykje lokalhistorie for Vik og Sognefjorden. Majoriteten av dei motorane og båtane som er i samlinga har lokal tilknyting, med utfyllande historikk.

Dette er samla og teke vare på, saman med, i denne omgang nye bilde og video opptak frå Kristianhus, der Kristian Otterskred m.fl. fortel. At dette no er blitt lagd inn i ein ny og moderne database med søke moglegheiter, vill dette kunne bli meir tilgjengeleg for fleire.

I tida framover skal Vik kommune gjennomgå ny planar for utvikling av sjøkanten(området rundt Kristianhus), der det er vedteke, i Vik kommunstyre, at Kristian Otterskred’s Motorsamling skal vere ein del av dei framtidige planane. No er det, med tidlegare arkivering og no digitalisering, lagd til rette for at i tillegg til å sjå motorane også skal vere høve til å finne historikk m.m. ved besøk.

Korleis alt dette skal bli presentert til slutt er no opp til Vik kommune og andre involverte.

I den prosessen er mi oppmoding til dei som kjem til å vere involvert at ein må vere inneforstått med at Kristian Otterskred’s Motorsamling er meir enn «berre ei motorsamling». Samlinga har stor kulturhistorisk verdi, både lokalt og regionalt.

Eg er også heilt sikker på at samlinga kjem til å få auka oppslutnad og vert av historisk verdi for fleire, jo meir tid som går og nye generasjonar får besøke samlinga.

For meg har det vore ein fantastisk vår og sommar, saman med Kristian, Ola, Jan Harald og alle andre eg har fått komme i kontakt med gjennom dette arbeidet.

Ein spesiell takk til:
Alle som har vore innom og skrive helsing i besøks protokollen.
Alle som har ytt hjelp på ulik måte.
Vik kommune for å ta med samlinga i dei vidare planane for Sjøkanten.
Laila Grønsbæk, for flott støtte, verbalt og med avis innlegg.
Rolf Sørensen med ektefelle.
Alle positive og gode personar i Vik og spesielt alle dei ein møter dagleg på Vikøyri.

Eg har trua på at det er viktig å fortsette arbeidet for å vareta og fremje; Kristian Otterskred’s Motorsamling. Og at samlinga har ei framtid.

Arbeidet fortsetter.....

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: