VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ny veke på Kristianhus

Dette vart andre veka med dokumentasjon på Kristianhus. Men til no er me berre så vidt komme i gang.

Publisert: 29. mars 2019 20:37

Også denne veka fekk me tatt opp video, lyd og bilete på Kristianhus. Kristian fortalde også denne veka om mange forskjellige båtmotorar, men også mange historier tilknytt bruk av desse båtmotorane. Kristian har eit stort repertoar når det gjeld eigne og andres erfaringar og opplevingar i forhold til tidlegare fjord liv. Det gjev ofte båtmotorane langt meir liv, enn berre tekniske detaljar.

Det skal seiast at me som er med på dette, set pris på at han vil dele denne kunskapen med oss og alle dykk andre som er interessert og kan sjå desse video -klippa m.m. som vert teke opp i desse dagar.

Her finn du nokre bilete og tre ulike video klipp, frå denne veka. Dette er ikkje redigert innhald, kun enkle klipp.

Det kjem til å verta ein god del materiale i forhold til Kristianhus og den dokumentasjonen me får der. Dette er det frå no av enkelt å finne ved å gå inn på "startsida" for Kristianhus, her på VikL.

Vist du er innom VikL framover, vil du stadig finne nytt innhald om Kristianhus. I tillegg vil det med jamne mellomrom komme andre tilbod du kan finne i Vik, denne våren og sommaren. Vist du har noko sjølv som du ønskjer skal vera med, vert du oppmoda til å ta kontakt.

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: