VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Båtane på Kristianhus

Etter ein liten pause kom me i gang med filminga igjen, denne veka.

Publisert: 12. mai 2019 12:46

Me har hatt ein liten pause frå filminga på Kristianhus, men denne veka kom me i gang at. To dagar denne veka har me fått teke nye opptak på Kristianhus og har planlagd å gjere det same også neste veke.

Til no har me gått gjennom dei ulike motorane i første etasje og stoppa opp for kvar einskild av dei og lete Kristian fortelje det han hugsar for kvar motor. Denne veka tok me opptak av siste motor i første etasje, ein Wichmann 50 HK. Etter det gjekk me i gang me å gjere opptak av dei forskjellige båtane som står utstilt på Kristianhus.

Nokre av desse opptaka vil me dele no, andre vil me redigere eller leggje inn i det digitale arkivet. I desse opptaka, me deler her, kan ein få sjå to døme på tidlege motorbåtar. Den første er ein oselvar som er bygd for motor. Den andre er ein seglbåt frå 1900 som vart ombygd til motorbåt. I den tredje videoen kan ein sjå Kristian visar ein Wichmann 50 som er same type motor som står i MS Arnafjord.

Desse to båtane er gode dømer på korleis overgangen frå ro og segl til motor ofte var i byrjinga. Ein modifiserte dei båtane ein hadde nytta fram til då og sette motor i dei. Etter kvart laga ein jo båtar for motor, men her kan ein sjå at det var modifiserte ro og seglbåtar som var dei første motorbåtane. Dette er også godt dokumentert, men på Kristianhus står det fleire konkrete dømer på denne utviklinga. Desse er viktig å vareta for ettertida, slik at nye generasjonar kan få sjå korleis utviklinga og moderniseringa gradvis har endra livet for dei som tidlegare levde her, langs fjord og kyst.

På Kristianhus finn ein svært mange dømer på korleis moderniseringa langs fjorden gradvis har utvikla seg i store delar av 1900 -talet. At me no får dokumentert dette på ein grundigare måte, håpar me at kan hjelpe fleire til å forstå kva denne samlinga representerer og fortel om den nære historia i distriktet.

I tillegg til sjølve opptaka, legg me all informasjonen inn i ein eigen database, der ein kan finna dei ulike motorane etter nummer, med tekst, bilde og video. Etter at dette arbeidet er gjennomført vil ein få eit digitalt arkiv med søke moglegheiter, ulike illustrasjonar m.m. Dette kan bli tilgjengeleg på nett eller kanskje vere ein del av utstillinga i framtida. Heilt konkret korleis ein skal vidareformidle dette framover er på noverande tidspunkt noko som me prøver å finne ut av. Men det er også avhengig av kva framtid samlinga får. Det nye digitale arkivet tek utgangspunkt i det arkivet som vart laga for samlinga på 1990 -talet. I det originale arkivet finn ein mykje bra, men me vill også legge til nye opplysningar, bilete eller video, der det let seg gjere.

Dette er eit ganske omfattande arbeid og det tek tid. Alt no har det gått mange timar arbeid. Men gleda over å sjå resultatet etter kvart, er verdt dei timane. Noko av arbeidet vert tilgjengeleg her på VikL, etter kvart som det er ferdig og me vil også så klart fortsette å dele bilde og video klipp undervegs samtidig som me tek nye opptak.

Når me har helde på med dokumentering på Kristianhus har me også vorte bevist på at denne samlinga berre representerer ein del av del lokale maritime tradisjonen og historia. Eit av måla med denne dokumenteringa er å setje saman ein samanhengjande historie for denne perioden. Difor ønskjer me å komme i kontakt med fleire som har gjenstandar eller historier i tilknyting maritim kultur, i Vik og nærliggjande distrikt.

Vist nokon les dette og har noko me kan få ta opp med kamera eller skrive ned? Ta kontakt, me er svært interessert i meir informasjon, frå fleire.

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: