VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Opptak frå Kristianhus.

Ein person som verkeleg har gjort noko for å vareta gjenstandar ein tidlegare nytta i ulike fjord og kyst -miljø. Og i tillegg kjenner historien om folka og liva som vart levd langs bygder og strender i Sognefjorden, er Kristian Otterskred.

Publisert: 25. mars 2019 19:44

Onsdag 20 mars og torsdag 21 mars, 2019, var eg blant dei heldige og fekk vere med Kristian Otterskred på Kristianhus. Der fortalde han om ulike båtmotorar og båtar. Og ikkje minst historie tilknytt produsentar og eigarar og mykje meir.

For det er jo ikkje slik at ein gammal gjenstand, til dømes ein båtmotor, berre fortel lyden den eventuelt lagar sjølv. Det er ikkje utan grunn at ein samlar på gamle ting.

I dag er me blitt veldig vand med at alt skal dokumenterast, ein treng ikkje gå mange ti -år tilbake i tid før det slettes ikkje var slik. Så klart det er ein del som har vorte dokumentert før også, men ikkje i eit slikt omfang som det vert gjort i dag. Spesielt i desse «big-data» og maskinlæring(AI) -tider.

I tidlegare fjord og kyst -miljø og tilknytte næringar var det ofte slik at folk måtte jobbe mykje for å livberge seg sjølve og familien. Om det var med fiske, båtbygging, frakt eller ein reiste som sjømann og kanskje budde i ein strandsitjar stad. I slike miljø var ofte skulegang, skriving og dokumentasjon noko ein ikkje brukte tida på. For mange var nok det å setje seg ned og dokumentere samtida ikkje ein tanke eller ide ein hadde trua på.

I tillegg var det å vere til dømes ein fjordfiskar og husmann ikkje så stor stas for alle heller. For då var ein som regel også fattig. Og det var i alle fall ingenting å fortelje om.

At mykje av fjord- og kyst kulturen vår har utspring frå ringe kår er kanskje ein av årsakene til at varetaking og vidareføring av denne tradisjonen ikkje står like sterkt over alt. Også i ettertida. Ein annan ting som så klart spelar inn, er at moderne samferdsel i Noreg ikkje er basert på ferdsle på fjord og sjø, men er kommen på land.

Men ein person som verkeleg har gjort noko for å vareta gjenstandar ein tidlegare nytta. Og historia om folka og liva som vart levd langs bygder og strender i Sognefjorden er Kristian Otterskred.

Med si store interesse for båtmotorar og historie har han samla saman ei heilt unik samling. Han har fått tak i omlag 200 ulike båtmotorar lokalt i Sogn og Fjordane og frå store delar av Noregs kyst. I tillegg til båtmotorar har han også fått samla inn ein del eldre trebåtar frå Sognefjorden og andre delar av Vestlandet. Samlinga representerer til dømes over 40 ulike norske produsentar av båtmotorar. Kvar einaste trebåt er også laga av ulike småbåt produsentar.

For å klare å samle inn alle desse gjenstandane har Kristian vore i kontakt med utruleg mange personar, opp gjennom si levetid. Desse personane har vore ein del av dei ulike fjord og kystmiljø her i Sognefjorden og resten av Vestlandet. Og sidan det ofte har vore tidlegare produsentar og eigarar av dei ulike gjenstandane som ofte har vore oppi åra sjølve og no er gått bort, er Kristian den som sit igjen med all den kunnskapen han har fått overlevert muntleg frå alle desse personane.

Dette gjer at Kristian Otterskred som no er over 80 år sjølv, har ein historie kunnskap som kanskje er enda meir unik enn sjølve samlinga.

I løpet av vinteren 2018/2019, har eg fått blitt kjend med Kristianhus og samlinga der, men eg har også fått blitt kjend med Kristian og forstått at dette må ein ta vare på. Både sjølve samlinga, men også alle dei historiene og den store kunnskapen Kristian har om norsk fjord og kyst -historie. Det gjeld kanskje særleg den kunnskapen han har om lokal fjordkultur og historie her i Vik, Arnafjord og resten av Sognefjorden.

Difor har eg i samarbeid med ein annan som også har interesse for historie og Kristian sjølv, begynna å ta bilete, video og lyd, når Kristian fortel historia om dei ulike gjenstandane han har i samlinga. Det vert samla informasjon om produsent, eigar m.m. I tillegg ønskjer me å setje dette i saman med anna dokumentasjon som ligg arkivert på Kristianhus.

Fordi samlinga er så pass stor som den, er dette noko me må gjera over tid. I løpet av denne våren og kanskje delar av sommaren er målet å ta så mange opptak som mogleg, når me har tid. I tillegg kjem jobben med å redigere og systematisere den dokumentasjonen me samlar inn. Til slutt er jobben jobben med å kople denne informasjonen saman med annan informasjon. Det me tek opp, tekst, bilete, lyd og video vill verta lagd ope tilgjengeleg for alle som ynskjer å sjå, dele eller bruke denne informasjonen me samlar inn. Me håpar at dette kan vere med å synleggjere samlinga og historia rundt dei ulike gjenstandane også i framtida.

Denne første onsdagen fekk me høyra forteljingar om «Bolstadbåten» og mannen som laga denne, Olav Bolstad. Torsdag såg me igjennom ein del av båtmotorane på Kristianhus, Kristian fortalde, me filma og tok opp lyd.

Planen vidare er å redigera og leggje til rette for å visa korte og lange video -klipp, her på VikL og Youtube. Samtidig som me filmar og tar opp med videokamera og lydutstyr, har eg også teke opp ein del bilete og videoklipp med mobiltelefonen. Desse «ekstra» opptaka som vert teke med mobiltelefon held ikkje alltid så høg kvalitet. Likevel vert det ein del kjekke og interessante mobil- video og bilete. Og sidan arbeidet med å redigera og systematisere opptaka ein gjer med vanleg kamera vil ta mykje meir tid, kan det jo vere kjekt det å dele mobil opptak under vegs. Nokre bilete finn du no her under denne artikkelen. I tillegg vil video -klipp verta lagd ut på det opne bilde og video -galleriet, her på VikL.

Ideen med desse opptaka er å dokumentere samlinga på Kristianhus ut frå den kunnskapen Kristian Otterskred har sjølv. Sidan det er no Kristian framleis har så god helse at dette let seg gjera har me begynna på dette arbeidet denne våren, på eige initiativ. Me håpar også at fleire vil ha nytte og glede av dette arbeidet me gjer.

I forhold til planane Vik kommune har til Kristianhus, er dette prosjektet ikkje ein del av det, på noverande tidspunkt. Dette prosjektet vert gjort på frivillig basis etter avtale mellom dei involverte.

Ønskjer nokon meir informasjon, eller har innspel, kan ein nytta epost adressa eller melding -tenesta her på VikL.

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: