VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Kvifor dokumentere samlinga på Kristianhus?

At ein plutseleg kunne forflytta seg mykje raskare langs fjord og kyst endra livet for den enkelte og samfunna dei var ein del av, langs kysten og i kvar ein fjord, i heile Noreg.

Publisert: 10. april 2019 21:36

I det siste har me, som skrive om her tidlegare, helde på å dokumentere Kristian Otterskred sin kunnskap om samlinga av båtmotorar og andre gjenstandar som er oppbevart på Kristianhus. Samtidig har me som er involvert i dette samla saman den dokumentasjonen me har fått tak i om samlinga. Her har Vik kommune vore hjelpsam og gidd oss innsyn i alle sakspapir for Kristianhus. I tillegg har me fått innsyn i arkivet som er oppbevart på Kristianhus der det er dei fleste motorane og andre gjenstandane på museet er registrert. Det er tydeleg gjort ein stor og seriøs innsats for å registrere alt, dei første åra.

At det har vore ein stillstand i arbeidet med registrering og dokumentering på Kristianhus i ein del år er noko som også er ganske tydeleg. Årsaka til at det har vore roleg rundt arbeidet med samlinga ein del år er fleire, blant anna har nokre personar felle i frå, av naturlege årsaker.

Men samlinga står, godt bevart av ein iherdig innsats frå Kristian Otterskred. At ein aldrane mann har klart å teke vare på ei så stor samling, trass sjukdom og tidvis stor motstand, er ein unik historie i seg sjølv. Og det må seiast, jo meir ein blir kjend med denne samlinga og historiene den rommar, jo meir fascinerande blir både den fysiske samlinga og historia bak samlinga.

Det skal seiast at ein føler at det er både rett og viktig å ta vare på denne meir moderne delen av norsk fjord og kyst historie, mens det fortsatt er mogleg å få den fortald av dei som har opplevd ein del av den.

Mange av oss som kjem her frå Vestlandet, lever i dag godt som ein følgje av det tunge arbeidet, forfedrane våre måtte gjennom. Skal me ikkje ta vare på minnet om desse?

Vist ein skal utslette historiene til dei vanlege folka som har levd før oss, vist det ikkje er «fint nok», vil det vere eit hån mot vår eigen kultur og arv.

Å ta vare på det daglege og vanlege frå generasjonane før oss er noko av den viktigaste dokumentasjonen me har for å kunne minnast vårt opphav og historie.

I løpet av 1900 -talet var det dei ulike forbrenningsmotorane som dreiv fram utviklinga i mange små og store lokalsamfunn, i Noreg. Langs fjord og kyst var det båtmotoren som var den første store utviklinga for mang ein arbeidar med familie, men også for dei økonomisk betre stilte. Om ein jobba direkte på sjøen eller av sjøen, som fiskar, sjømann eller kanskje redar. Eller om ein var bonde og skulle til byen for å sele varer. Forbrenningsmotoren var med å gje alle samfunnslag store endringar.

At ein plutseleg kunne forflytta seg mykje raskare langs fjord og kyst endra livet for den enkelte og samfunna dei var ein del av, langs heile kysten og inni kvar ein fjord, i heile landet.

Det er dette samlinga på Kristianhus fortel og det er dette som er så viktig at me fortsett å jobbe for ta vare på. Difor er det ei stor glede at Kristian fortsatt er ved så god helse at me kan få lov til å vere med han og ta opp det han fortel, i tillegg til det som står skrive i saksdokument og arkiv.

Samtidig håpar me at ved å gjere dette, vil denne informasjonen vere med å auke forståinga for kor viktig denne samlinga er. Med å auke forståing for kva denne samlinga inneheld og er med å fortel, håpar ein også at samlinga sin status vil auke. Og at auka status kan vere med å mogleggjere at det også i framtida let seg gjere å ta vare på dette viktige kulturminnet.

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: