VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

April, turistane kjem.

Har ein noko ein ønskjer å vise tilreisande bør ein ha i tankane at stort sett alle som kjem hit for fyrste gong, søkjer på internett, før dei kjem. Difor er det å vere synleg på nett svært viktig, vist ein ønskjer å nå ut til nye besøkjande eller kundar.

Publisert: 6. april 2019 13:05

Denne veka har det vore fleire arrangement i bygda Vik, fleire enn eg har fått tid til å vere med på, men noko har eg vore med på og det har vore svært interessant.

Måndagen var eg med på eit lukka møte med det lokale guide -selskapet Sylvringen. Til stades var fleire guidar og andre personar som har tilknyting til selskapet Sylvringen As og deira verksemd.

Sjølv ønskjer eg, først prøve ut, å vere guide her i bygda. For eg synes Vik er ein fantastisk stad og i løpet av tida eg har fått budd her har eg allereie lest meg ein del opp på lokalhistorie for Vik. Dette gleder eg meg til å formidle til tilreisande i tida framover. Saman med dei som har jobba med dette i form av å skrive om og teke vare på mykje lokalhistorie her i Vik opp gjennom. Då tenker eg blant anna på dei personane eg har fått mykje av det innhaldet eg har teke med her på VikL av, Arne Inge Sæbø, Knut Hovland, Kristian Otterskred m.fl.

Eg veit det er mange andre her i bygdene som gjer ein god jobb når det gjeld å ta vare på historie i Vik, men sidan det er desse personane eg har vorte kjend med så vert det også desse personane det vert naturleg for meg å nemne med namn.

Det ønskjer eg at folk skal vite, at er du historie interessert og kjem til Vik, då finn du mykje. Blant anna fordi det er ein del personar som opp gjennom har gjort ein fabelaktig jobb med å samle saman innhald til bladet Pridlao. I dette bladet som no vert gidd ut ein gong i året, finn ein mykje godt historisk innhald gjort lett tilgjengeleg.

Vik kommune står også bak ei lokalt blad som heiter «Velkommen til Vik» og vert gjeve ut to gongar i året «sommeravisa» og «vinteravisa». I dei finn ein i tillegg til historie og kulturelle innslag også nyhende om det lokale næringslivet og andre nyhende i kommunen.

I tillegg til desse blada som kjem med faste mellomrom, har Arne Inge, Jens Brekke og Rune Lee m.fl. skrive fleire bøker, hefte m.m. der ein kan finna mykje interessant innhald om Vikøyri og dei andre bygdene i kommunen. Ved at det er skrive ned så pass mykje og det i tillegg er det teke vare på mange eldre bygningar, gjenstandar, gravhaugar og anna. Gir historiekunnskapen saman med den flotte natur som er her, bygdene i Vik kommune eit eige særpreg med ein levande historie ein kan både sjå og oppleve.

At det er så mykje litteratur om lokale forhold tilgjengeleg, har gjort det svært enkelt for ein historie interessert innflyttar å orientere seg og etter kvart dele vidare det ein har lest seg opp på. Difor ser eg fram til å kunne starte opp som guide saman med desse mykje meir erfarne lokalhistorikarane. Eg trur at den lokalhistorie som er teke vare på her, saman med alle bygg og gjenstandar omgidd av den flotte naturen her, er noko det alltid vil vere interesse for, blant folk utanfor bygda, å oppleve.

No er me dessutan komme til april månad og etter planen begynner «Go fjords» som vert drive av Norled å frakte turistar til Vik, frå og med 11 april. Neste månad startar også ein annan operatør, «Travel like a local» å frakte dags turistar frå Voss til Vik, dagleg frå 1 mai. I tillegg kjem det cruise, camping, hotell og feriebustad -turistar. Mange av desse ønskjer å sjå og oppleve svært ulike aktivitetar knytt til både fjord og fjell.

Men mange av tilreisande ønskjer å «berre» sjå dei ulike historiske bygg, stader og gjenstandar som er unike for Vik. Då er det viktig at ein også kan formidle historie til dei på ein god måte, slik at besøket i Vik vert ei så god og interessant oppleving som råd er, for den enkelte.

Det er laga ulike brosjyrar og hefte for å fortelje om dei ulike tinga ein kan finne i bygda.

Ein finn jo også finne mange flotte bilde og god informasjon på Vikjavev. Blant det ein kan finne der, er fine stader ein kan leggje turen til, vist ein ønskjer å gå litt i terrenget.

Her på VikL legg ein opp til å fokusere meir på kva ein finn langs fjorden og området rundt dei ulike bygdesentra i kommunen. Både når det gjeld aktivitetar, men også når det gjeld informasjon om dei ulike teneste ein kan finne her, både for fastbuande og tilreisande.

Tanken med denne nettstaden, i tillegg til å dele det eg sjølv er interessert i, er å leggje til rette for at dei som måtte ønskje det, skal kunne leggje ut informasjon her, gratis. Spesielt med tanke på at Vik er ein liten stad med mange små bedrifter, lag og organisasjonar som kan ha varierande budsjett ønskjer ein å leggje til rette for at alle skal kunne ha moglegheit til å informere omverda om sitt tilbod. Utan at økonomi skal vere eit hinder for det.

Uansett kva plattform ein ønskjer å nytta, er det å vere synleg, spesielt viktig i forhold til turistar som kjem og besøker denne flotte kommunen. Har ein noko ein ønskjer å vise tilreisande bør ein ha i tankane at stort sett alle som kjem hit for fyrste gong, først søkjer på internett. Difor er det å vere synleg på nett svært viktig, vist ein ønskjer å nå ut til nye besøkjande eller kundar.

Skrive av: Lars

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: