VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Moahaugane

Vikøyri



Den mest kjende samlingi av gravhaugar i Vik er Moahaugane. Her ligg det ni gravhaugar frampå terrassekanten på Hove og Voll.

Hovdinggard
Namnet Hove er dativforrn av hov n, ein offerstad. Hovet stod oftast på ein hovdinggard, og det er grunn til å tru at Hove har vore hovdinggard i Vik. Plassering i bygdi høver godt. Men Per Fett meiner at garden må ha hatt eit anna namn før hovet vart bygt. Vik er ikkje sannsynleg for då ville hovet lege nærare sjøen. Det gamle namnet kan ha vore Mo, og då mest truleg i fleirtal — Moar. Voll ligg på same terrassen som Hove. og Moahaugane ligg på begge gardane.

Utgravne
Vik er ei av dei bygdene på Vestlandet som har flest gravhaugar frå oldtidi. Rett nedanfor Moahaugane har det vore ekserserplass, og soldatane har nok opp gjennom tidene grave i haugane. For det meste øvst oppe på haugane, men og i midten. Dette vart gjort av ”Tidsfordriv eller af Higen efter at finde Skatte”. Det har og vorte teke ut masse frå gravhau- gane til vegbygging. Alt dette har ført til at oldsaker har vorte funne, men og at mange har vorte øydelagde ”da Grav- ningerne ere skete uden Kyndighed, Orden eller Varsomhed”.

Haugane
Moahaugane ligg i ei rekkje langs terrassekanten mot nordvest. Dei ligg med utsyn over bygdi. Det har vore ni gravhaugar, men nr 3 frå nordaust, Vetle- haugen, er heilt utplanert. Berre gravhaug nr 5 ligg litt inn frå terrassekanten. Namni på haugane frå nordaust er 1. Nedstehaugen, 2. Storhaugen, 4 eller 6 Rognaldhaugen. Avstanden mellom haugane er frå 5 til 20 m, diameteren er 15—20 m, men den sjuande er 25-30 m. Gravhaugane er sjølvsagt freda som alle gravhaugar er.

Moahaugane
Bak haugane på terrassekanten, mot nordvest, ligg to andre haugar. Dei ligg på kanten av ein høgare terrasse (sjå kartet). Det er 8-10 m mellom hau- gane, og den vestre ligg 30 m søraust for Moahaug nr 9. Desse låg gøymde under åkerstein, og det er mogeleg at haugane var oppbygde av stein. Ein tredje haug låg 30 m søraust for desse. Gravhaugane har truleg hatt namnet Småhaugane.
Haugane vart bygde i tidsrommet 300-500 e. Kr, men var i bruk som gravmæle fram til 900-talet. At byggingi starta på 300-talet er ikkje tilfeldig. Eit varmare klima og betre reiskapar gav overskot og ekspansjon i jordbruket. Dette gjorde sitt til at det vart auka handel og samkvem med omverdi.
På Guhaugen er der restar etter to svære gravhaugar. Dei ligg nær den bratte terrassekanten ned mot Vikja. Namnet på dei to gravhaugane er Guhaugen og Vetle Guhaugen. Det har kanskje vore ein tredje haug nedanfor desse to der vegen er. Det er funne ein glasbekar i ei Moa- haug-grav. Bekaren er av grønt glas med innslipte ovale groper. Han må vera komen til Vik på 300-talet av ein kulturstraum frå søraust, sist frå Svarte- havet. Denne glasbekaren er det einaste funnet frå Moahaugane som er registrert frå denne kulturstraumen. Funni tyder altså på utferder og handel med fjerne land og folk.

Gravskikkar
Gravskikkane endra seg over tid. Dei tidlege haugane har alle eit sentralt gravkammer eller kiste med sidevegger av steinheller sette på høgkant. Den døde kan vera brend eller lagd påkledd i gravi. Funn av bjørneklør syner at den døde ofte vart lagd på ein bjømefell.
I mannsgraver finn me to spyd, skjold og sverd. Det er den germanske standard- utrustingi. Eine spydet var eit hakespyd som skulle haka seg fast i skjoldet til motstandaren. Det andre var eit kortare eggspyd som egna seg til å drepa med. Piloddar, kniv, saks, speltemingar og ymse spenne er og mellom funni frå Moahaugane.
I kvinnegravene finn ein verdisaker som spenne av sylv og bronse, perler av rav og farga glas og andre importvarer. Der er og bruksting som lyklar, kniv, saks, leirkrukker og keramikk.
Framover mot vikingtidi skjer det endringar i gravskikken i landet, men dette kjem i liten grad til syne i Moahaugane. Båtgraver, og graver utan haug, såkalla flatgraver, vart vanleg. På Hopperstad finn ein mange slike. Det kan synast som at den gamle storgården på Hove heldt fast på gamle skikkar og tradisjonar lenger enn dei fleste. Me finn likevel innslag av ny skikk i haug 8, der ein mann er gravlagd i båt ein gong rundt 900. Utstyret er og meir mangfaldig, i tråd med skikken i tidi. Våpenutrustningi til mennene har endra seg. No er det sverd, skjold, eitt spyd og våpenøks i gravene. Øksi var vikingane sitt kjæraste våpen.

Oldfunn
På Bergens Museum er det mange old- funn frå Hove og Voll, men det er ikkje alltid registrert kva haugar dei kjem frå. Men nokre sikre funn har ein:
Moahaug nr 6 var utgraven av A. Lorange frå Bergens Museum i 1882. Gravhaugen var bygd av turr røys med sand over. Rundt nordre haugkant gjekk ein steinmur med 2 rn sand mellom muren og røysi. Om lag midt i røysi var eit rundt, djupt mura gravrom med tak- hella, og på hella låg ein liten steinhop over røysi, som elles var flat oppå. Gravrommet var 1 m djupt, golvet var ei liti rund hella og på den låg brende bein som hadde vore pakka i never. Beini var for det meste etter menneske, men der var og ni bjørneklør, tre-fire piloddar, bitar av ein kam og ei hårpil, ei beinskei og to stavterningar og seks spelbrikker, alt av bein. Etter oldsakene å dømma har det vore både ei kvinna og ein mann i gravi, og dei hadde vorte brende på bål. Bjørnekløme kan tyda på at liki hadde lege på bjømefellar, men bjørneklør hadde og magisk kraft.
Terningane og spelbrikkene var til brettspel. Det er lett å tru at dette var til tidtrøyte, men mykje av det som i vår tid vert sett på som reint verdsleg hadde djupare meining for dei gamle som forde over til det heilage.

Moahaug 8
Denne gravhaugen vart og utgraven av Lorange i 1882. Av leirkrukka kan ein sjå at gravi er frå yngre romartid.
Her er restar etter to graver. Den første var ei kvinnegrav frå 400-600 e. Kr med brende bein, to bjørneklør og 13 spel- brikker av bein. Men her var og ei leir- krukke med inngravering, eit spenne av jern, jernband og bronsebeslag.
Om lag 900 e. Kr. vart ein mann gravlagd i same grav, i ein båt. Han hadde med seg fullt våpensett og ein del reiskap. Tveegga sverd, våpenøks, skjold, pilar, samt hakke og ljå. Dette er einaste båtgravi me kjenner til på Hove.
Funni tyder på at gravfeltet var i aktiv bruk heilt fram mot kristen tid, over ein periode på 6-700 år.

Moahaug 2
Moahaug 2 vert og kalla Storhaugen vart og undersøkt av Lorange i 1882. Han grov gjennom midten utan å finna noko grav, men han kom over ein reim- haldar, eit nålehus, ei glasperle og brot av ei leirkrukke. Dette brotet var frå 300- eller 400—talet. I 1923 fann så eiga- ren 3-4 ut frå vestre haugkant den gravi som Lorange leitte etter, og denne gravi grov Johs Bøe ut. Der var ei 2 m lang kiste som hadde vore røva, kista var av kantsette heller. Av oldsaker fann han berre nokre jemrestar og kroken av ei hodda truleg frå ei leirkrukke. Det er rimeleg å tru at det Lorange fann høyrer til denne gravi og at sakene er hamna i fyllingi då haugen vart kasta att etter plyndringi. Viss dette er rett, tyder nåle- huset på at det er ei kvinnegrav.

Vesle Guhaugen
Her gjorde ein eit funn i 1840. truleg frå yngre romartid. Det er ei mannsgrav med sverd, spyd, skjoldbukel. kniv, saks, nokre små naglar og brende bein som viser at liket har vorte brent. Våpensettet er den germanske varianten av det romerske med dei fire hovudvåpeni sverd. skjold og to spyd. Det eine spydet var eit hakespyd, det skulle haka seg fast i skjoldet til fienden så han ikkje kunne bruka det. Det andre hadde egg. det var det som skulle såra eller drepa. Sverdet var sjølvsagt eit nær- kampvåpen, men germanarane nytta lengre sverd enn romarane. Øks, som vart så populær i vikingtidi, kom ikkje inn i Våpensettet før ved 500-talet.

Haug 7
Er spesiell. Gravkammeret er ei knappe 3 m lang kiste av kantsette steinheller. Haugen var i bruk tre gonger på under 40 år. Ein gong på 500-talet vart ei kvinne gravlagd ubrend. Ho var innhylla i eitt teppe og lagd på never. I gravi fann ein 4 bronsespenne, eit forgylt sølvspenne med dyreornamentikk, eit perlekjede med rav og farga glas, lyk- kel, knivar og saks, samt restar av utsmykka leirkrukker.
Mindre enn 20 år etter vart dei brende restane av to menn gravlagde i same kammer. Saman med dei låg piloddar, beinkammar og 26 bjørneklør. Truleg var dei lagde på kvar sin bjørnefell og brende.
Etter nye 15-20 år er gravi opna og ein mann til er lagt i kammeret. Han var ikkje brend. Saman med han låg 7 piloddar av jern, kniv og eit spenne.

Dette er dei eldste funni frå Hove- Voll, og viser at busetnaden på hovdinggarden rekk attende til yngre romartid (.....). Då vart Moahaugane bygde. Men dei kan og vera eldre for gravskikken i Moahaugane føreset eldre tradisjonar.

Gravfund i Vik
«Paa Moene i Vik stødte man forleden under gravning i en haug paa en grav af stenheller. Graven som er af størrelse som en voxen mandsgrav, er muret af utilhugne heller og ligger i nærheden af andre gravhauger, hvori der for flere aar siden er fundet oldtidslevninger. Konservator Schetelig som har aabnet og undersøgt graven, fortæller ”Sognefjord”:
Graven er fra folkevandringstiden, det 6te aarhundrede, og indeholdt en gravkiste, hvori der har været begravet 2 kvinder, den ene brændt og den andre ubrændt. Det brændte lig har været gravlagt først, og asken har ikke været i urne, men er lagt løst ned i kis- ten sammen med 3 urner af ler, som formentlig har indeholdt mad og drik- ke. Disse urner, der var af form som almindelige blomsterpotter og var forsiret, har været meget smukke. De er blevet slaaet i stykker under indsæt- telsen i graven af det andet og ubrænd- te lig. Der fandtes en kniv, en sax, endel glasperler, pilespidser og 5 mes- singsøljer i gravkisten, hvori der ogsaa har været indsat 2 æsker af næver. Omkring laaget paa disse har der været anvendt vox til tætning. Smykkerne har været anbragt paa brystet af den ubrændte ligs dragt.
Denne grav laa i udkanten af en tidli- gere udgravet større gravhaug, der skri- ver sig fra en noget ældre tid, kanske et par hundrede aar før. Det er sandsynli g, at der i den egentlige gravhaug er grav- lagt en af slegtens mere ubetydelige og ansete mænd og at de to kvinder senere er lagt i samme haug for at være under den mægtige afdødes beskyttelse.»
Sognefjord 1913

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART