VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Naust rekka

Vikøyri



På sjølve Vikøyri står denne rekka med eldre naust, ganske langt opp på land i forhold til strandkanten.

Årsaka til at dei står så langt inne på land er at det i 1948 vart lagd fyllmasse langs sjøen slik at riksvegen kunne verta lagd langs fjorden. På den tid var framleis fjorden svært viktig for samferdsle og næring så vedtaket om å leggje fyllmasse nedanfor nausta møtte stor motstand i si tid.

Eit lite kompromiss er det at det er blitt laga ei lita bru over riksvegen slik at dei som eig naust her har moglegheit til å dra båtane opp på same sida av vegen som nausta står.

I tidlegare tider var dette området prega av eit yrande folkeliv og ein naturleg plass som folk møttes i kvardagslege gjeremål.

Mange som budde i området rundt nausta var ikkje gardeigarar sjølv og då var ofte fiske ein naturleg inntektskjelde for mange og då måtte ein jo ha båt og moglegheiter for ei lita hamn for båten ein nytta.

Naust rekka og området rundt her har vore arbeid og møtestad for mange i lokalmiljøet i tida før riksvegen kom hit.

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART