VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Minnestein over Romanifolket på Vikøyri

Vikøyri



Minnesmerket «over dei Reisande som budde i Vik» står på Vikøyri, attmed rekkja av gamle naust, ikkje langt frå båtmotormuseet Kristianhus.

Minnesmerket er ein ståande stein og plate i støypt metall med båtfigur og tekst. Steinen er av ein skifrig bergart delvis «hoggen» ved hjelp av kiling, langt på veg prismeforma; kring 53 cm x 15 cm ved rota, og kring 160 cm høg. Steinen er fundamentert under bakkenivå, og har ved foten eit kvadratisk forma hellefelt med sider ca 150 cm.

Minneplata har ein båtfigur og ein etter måten lang tekst. Båten symboliserer truleg reisemåten, til sjøs i liten farkost. Teksten fortel om kva slags minnesmerke dette er; eit «minnesmerke over dei Reisande som budde i Vik.» Vidare står det:

På 1800-talet var det fleire Reisande familiar av Romanifolket som budde i Vik. På Vikøyri vart dei godt mottekne og dei fant seg fort til rette blant dei fastbuande. Den største familien var «Børane» med opphav i Martha og Lars Børresen; «Gamle Byren» og «Byro». Martha Marie Akselsdatter Vikøren var fødd på Vikøyri 1834. Lars Børresen «Børe Lars» var fødd i Romsdalen 1830. Den eine sonen, Ole Larsen Limmesand var fødd i Vik i 1869. «Bør-Ola» var seinare Børe-fylgjet sin leiar. Hans ord var lov. «Børane» var respekterte og beundra for fagleg dugleik og grei framferd. Dei var hovedsakleg smedar: Kniv-, ljå-, klave-, lås-, og hjulsmedar. Mange var blikken- og koparslagarar, gyllenlærkunstnarar, hestaskjærerar, felebyggjarar m.m. Dei reiste heile Sognefjorden og sørover til Stavanger. På si ferd selde dei sine varer og tilbaud sine tjenester til dei fastbuande.

Børe-fylgjet har i dag mange hundre etterkommarar i heile Noreg og utlandet. Det budde etterkommarar i Vik til langt inn på 1930-talet.

Minnesmerket er oppsett av etterkommarar av Martha og Lars, med hjelp frå Vik kommune.

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART