VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Magnus Vikøren


F: 1920 - D: 2001

Publisert: 10. mars 2019 15:16

Frå Vik er det komme fleire dyktige måle og teikne kunstnarar opp gjennom tidene. Ein av dei som har laga mange naturskjønne og flotte måleri og teikningar med lokale motiv har vore Magnus Vikøren. Han budde og arbeide i Vik heile sitt liv og mange lokale kjenner nok han igjen, blant anna fordi han jobba han som avdelingsleiar på jernvaren i samyrke -kjellaren.

I tillegg til arbeid på samyrkelaget hadde han ein lang og kreativ karriere som målarkunstnar der han til saman måla fleire hundre måleri. Han måla og teikna heile livet, men bileta som er igjen etter han er frå omlag 1950 og fram til han døyde i 2001. Somme av desse heng i private og offentlege bygg i Vik og andre bygder av Sogn og Fjordane, men mange er i familiær eige og nokre av desse har ein fått lov til å ta med her på VikL. Han var sjølvlærd målar og teikne kunstnar som nok hadde eit «naturtalent», for produksjonen hans med måleri og teikningar held eit svært høgt nivå. Tidvis henta han inspirasjon frå ulike store kunstnarar opp gjennom historia. Men motiva var som oftast ulike natur motiv lokalt her i Sogn og Fjordane.


Skrive av: Lars

Magnus Vikøren kjem frå Vikøyri


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: