VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Maktsenteret Vik



” Vik i Sogn 750-1030. Lokalsamfunn med overregionale kontakter”

Vik er ei av dei største og rikaste jordbruksbygdene på Vestlandet. Bygdi vert sett på som eit politisk og økonomisk senter i eldre og yngre jernalder. Det er mange graver funne i Vik, på gardane Hove, Hønsi, Sæbø, Grov, Vange, Hopperstad, Skjørvo, Tryti og Brekke. Det er kvinnegraver både på Hove og Hopperstad, og frå Grov er det ei velutstyrt smedgrav. Det er markfunn frå Vange og Tryti.

Økonomisk og politisk senter Økonomisk og politisk senter er eit omgrep som har vore nytta om særlege rike område langs norskekysten. Desse områdi hadde eit godt ressursgrunnlag for overskotsproduksjon for å driva handel. I fyrste omgang galdt dette jordbruk, men og andre ressursar som produkt frå jakt og fiske, jernutvinning, klebersteinutnytting og saltproduksjon. Samstundes låg desse områdi sentralt til i forhold til ferdselsårer. Her var ferdsla langs kysten viktig, men og handelsruter over fjelli stod sentralt. Dette gav områdi god kontakt med omverdi, men og til lokale han- dels- og ressursområde. På Vestlandet er mange av sentralområdi samla ute ved kysten slik som Karmøy og Giske, medan andre låg i fjordbotnar som Vik, Gloppen og Eidfjord. Handel med dei lokale ressursane var viktig for å skaffa seg politisk og økonomisk makt.

I det arkeologiske materialet markerer slike sentra seg gjennom gjenstandar som hevar seg over det ein kan venta at vanlege folk hadde til rådvelde. Dette gjeld særleg importmateriale som i stor grad inneheld bokbeslag, smykke, drikkehornbeslag og andre gjenstandar frå Dei britiske øyar, men og gjenstandar i edelmetall. Desse gjenstandane syner makt og posisjon til ein elite. Store gravhaugar har og vore indisium på sentra i jernalderen. Store haugar og rike importfunn indikerer sentra.

Eit senter må ha periferi
Eit omgrep som heng nøye saman med senteromgrepet er periferi. Når ein ser på eit område som senter, fylgjer det også at ein ser på eit anna som periferi. I denne samanhengen vil då periferien
innehalda mindre busette område som ligg noko avsides til. I desse områdi vil ein finna færre gravminne. Utnytting av lokale ressursar som til dømes byte- varer eller som råstoff for vidare fram- stilling har ein rekna med har funne stad i periferien.

Tilhøvet mellom leiaren i senterområdet og undersåttane hans i periferien har då vore slik at varer og tenester vart kravde inn, og då kunne dei i sentra underhalda handverksspesialistar, byta til seg luksusartiklar og driva handel. Desse ressursane styrkte posisjonen til den lokale makteliten. Til gjengjeld verna den politiske leiaren lokalbefolkningi om krig og ufred skulle inn- treffa. Alle dei økonomiske og politiske sentra er forventa å ha om lag same geografiske storleik med ein periferi av ein viss storleik som ressursområde. Samstundes låg som sagt sentra strategisk til ved ferdslevegar og i gode jordbruksområde.

Importmateriale i Vik
I tidsrommet 750-1030 er det særleg mange gjenstandar som stammar frå dei britiske øyar. Frå heile bygdi er det sju gravfunn med importmateriale herifrå. Tre av gravene er frå Hopperstad. Der vart det funne bronsebolle, fullt kjøkenutstyr og ei balansevekt med lodd og glas. Det vart funne tre arabiske myntar i eit markfunn frå Vange. ein halv mynt på Hopperstad, og på Hove vart det funne eit beslag frå Limoges i Frankrike.

Jordbrukstilhøvi i Vik Generelt er dei beste jordbrukstilhøvi i sentralbygdi der mange av gardane ligg. Det er og gardar oppover Bøadalen, Seljedalen og Ovrisdalen, men jordbrukstilhøvi vert mindre gunstige dess lengre opp i dalane ein kjem. Totalt sett er Vik ei av dei bygdene som har mest samla jordbruksareal, også om ein samanliknar bygdi med andre område på Vestlandet. Geologisk sett ligg Vik i eit fyllittbelte. Dei forvitra sedimenti og kambrosilurske bergartane gjev godt potensiale for beite. Samanlikna med andre bygder i Sogn har Vik hatt ein stor andel av storfe. Samstundes gjev det ulende terrenget opp mot fjellet grunnlag for beite både for sau og geiter. Fjellet har og i stor grad vore nytta til stølar. Skattematrikkelen frå 1647 syner at det i stor grad er produkt frå jordbruk og husdyrhald som har vore sentrale betalingsmiddel i bygdi. Truleg har dette vore tilfelle tidlegare og.

Kommunikasjonsliner
Vik er lokalisert til midtre eller indre del av Sognefjorden. Frå Vik kunne ein nå andre område via fjord eller fjell. Fyrst andre stader her i landet, så vidare utover i Europa. Både det arkeologiske materialet og dei skriftlege kjeldene vitnar om utstrakt bruk av skip. Forteljingane om Leiv Eiriksson er berre nokre av mange, og stormenn frå Vik hadde truleg og tilgong til slike farkostar.
Det er ikkje berre fjorden og havet som har vore ein viktig ferdsleveg. Slik Vik og bygdene i Sogn er plassert, er ikkje vegen lang til høgfjellet og vidare derifrå til dei austlege delane av landet. I fyrste omgang har ein frå Lærdal via Filefjell nådd områdi kring Valdres og seinare områdi ved Randsfjorden og Mjøsdistriktet. Det er mellom anna hevda at dei fyrste som busette seg i Valdres var frå Sogn. Indre Sogn har i så måte vore eit knute- punkt mellom aust og vest. Frå Vik har vegen over til Voss og Hardanger vore kort.

Spesialisert produksjon
For å bli eit økonomisk og politisk senter er området sitt ressursgrunnlag viktig. Gode varer og produkt gjer at eit område vert attraktivt som handels- partnar. I Vik er det ein spesialisert form for produksjon som framhevar seg. I ei grav frå Grov er det ein smed som kjem til syne, gravi inneheld våpen og rikt smedutstyr. Denne gravi har vorte sett på som ei av to graver frå Sogn og Fjordane som kan represente- ra profesjonelle smedar. Den andre er frå Breim, slik at gravi frå Grov representerer den einaste profesjonelle smeden ein kjenner frå Sogn i perioden 750-1050. Vik blir ut frå dette funnet vurdert som ei av tre smedbygder i fylket i lag med Gloppen og Stryn. Særleg interessant er eit sverd med inskripsjon på klinga som er funne i gravi i Grov. liknande sverd er funne i andre land og.
Ei anna form for spesialisering som gravmaterialet i Vik vitnar om er tekstilproduksjon. Truleg har leiingi av produksjonen vore knytt til Hopperstad då sju av ni vevskeier er funne i kvinnegraver der. Garden er og godt representert med andre tekstilreiskapar som spinnehjul og kljåsteinar. I to av kvin- negravene på Hopperstad er det og funne restar av finare tekstilar av den såkalla Birkatypen. Nokre meiner denne typen har sitt utspring på Vestlandet. Sogn, Nordfjord og Stavangerdistriktet peikar seg ut som hovudområde for denne tekstiltypen. Tekstiltypen som ein har funne på Hopperstad er funnen att i handelsstaden Birka i Mälarområdet i Sverige og i dei kjende gravene frå Oseberg og Gokstad, Kau- pang i Vestfold og Hedeby i noverande Nord-Tyskland.

Stormannsgardar
Den religiøse kultusen har stått sentralt i det norrøne samfunnet. Det er ikkje mogeleg å lokalisera noko geografisk religiøst tyngdepunkt i Sogn med gardsnamni som leietråd. Namnet Hove finn ein både i Vik, Sogndal, Feios og bygdenamnet Fresvik (Frøys- vik). Ein har variantar som Hov og Hovland (4 stk). Andre namn som pei- kar på norrøn kult er Vange i Vik, Vangestad i Sogndal og Vangen i Aur- land. Ved Vadheim har ein Ullebø og Ulledalen etter guden Ull og i Lærdal har ein Horge av horgr.
Dersom ein prøver å skilja ut stormannsgardar i Sogn er det fleire moglegheiter. I Vik kan Hove/Voll og Hopperstad ha hatt slik status, i Sogndal Nes og Kvåle. Ofte har ein knytt storgardar i sentrale område saman med den religiøse kulten. I Sogn kan Hove ha hatt slik funksjon, men dette vert berre spekulasjonar, då ein mang- lar arkeologisk kjeldemateriale frå norron kult på staden.

Mobil makt
Med bakgrunn i det arkeologiske mate- rialet kan det verka som ein har hatt fleire økonomiske og politiske senter i Sogn 750-1050. Det kan verka ulogisk. importmateriale og anna materiale av bog kvalitet vitnar om stormenn med slekter. fleire rike slekter i Sogn. Ein dynamisk modell for senter gjer at ein kan ta med fleire samfunns-element enn tidlegare. Denne modellen tek utgangspunkt i at den politiske makta til ei kvar tid vil vera der den politiske leiaren og fylgjet hans er. Den politiske makti vil såleis flytta seg mellom dei ulike bygdene i Sogn alt etter kva ærend leiaren var i. Ser ein på den politiske leiingi som ei mobil eining i staden for eit hovdingdøme med eit fast geografisk sete, vil det vera mogleg å få med større delar av Sogn i senterdiskusjonen. Rett nok er Vik den rikaste bygdi i tidi 750-1050, men bygdi skil seg ikkje så mykje ut. Liknande politisk styring hadde ein i landet før samlingi på ei kongemakt. Eit slikt politisk leiarskap fungerer gjennom utveksling av gåver til lågare politiske partnarar og knyting av sosiale avhengigheitsband. Området strekkjer seg då så langt som ein har knytt sosiale band. Dei største gardane har truleg vore tilhaldsstad for den politiske leiingi når dei var på vitjing i dei ulike bygdelagi. Den politiske
Hugtakande utsiktleiingi flytta seg frå stad til stad. Heile Sogn kan ha fungert som eit politisk og økonomisk senter. Det er i eit slikt per- spektiv ein må sjå spreiingi av smed- graver og distribusjonen av graver med tekstil-reiskap.

Stolte av fortidi
Me er ute å køyra kommunikasjonsmessig, folketalet søkk, men fortidi kan ingen ta frå oss. Vik var eit maktsenter i forhistorisk tid, det viser alle gravhaugane. Me har to mellomalder- kyrkjer, tre kyrkjer i ei bygd, kven har det? Me har mykje å vera stolte av, og fortidi er med og byggjer opp stoltheiti for vårt eige.


Skrive av: Sigmund Bødal, og publisert her på VikL: 5. februar 2019 10:18

Meir informasjon og bilder om Maktsenteret Vik

Bygd som har tilknytting til hendinga: Vikøyri

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: