VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Storbrann på Vikøyri 1922



Storbrann på Vikøyri 1922 hende: 20. januar 1922.

Brannen starta om lag kl. 0230 om natta. Før brannen endeleg ga seg, hadde 39 hus brunne ned, og fleire andre hus hadde fått brannskader. Det gjekk med 15 større lagerhus, 8 småe fjøsar, 6 butikk- og bustadhus og 10 bustadhus. Den samla skaden på hus, innbu og varer vart rekna til om lag 660 000 kr. Av dette var 1/3 ikkje branntrygda. Ingen menneske kom til skade under brannen.
Sterk vind - tett busetnad

Brannen starta i ei pakkbod til landhandlar Rivedal. Elden spreidde seg med stor fart frå hus til hus i den tette busetnaden på Vikøyri. Uheldig var det og at det bles frisk søraust kuling. Ei tid såg det difor ut til at heile Vikøyri skulle gå med. Men ut på morgonsida stilna vinden, men då hadde brannen herja frå 0230 til kl 0700, vel 4 timar. Alle dei store forretningane på begge sider av hovudgata strauk med, Rivedal, O. P. Fosse, Forbruksforeiningen og Støfringsdal. Desse forretningane hadde store varelager som og gjekk med.

Sløkkjingsarbeidet
Sløkkjingsmiddel var det dårleg med, det einaste som var til rådvelde var ei handsprøyta. Men med den farten brannen spreidde seg, var det lite å få utretta med sprøyta. Vatn vart og henta frå fjorden i bøtter. Ein langa bøttene frå hand til hand oppover mot brannstaden. Ein måtte riva hus for at ikkje brannen skulle spreia seg endå meir. Heldigvis slo vinden og om, og stod ut fjorden.
Apoteket og Hopstock hotell på kvar si side av hovudgata gjekk klar brannen. Men hotellet var lenge trua, og eine veggen vart sterkt svidd.

"Framnes" hjelpte til
Veret var så dårleg brannatta at "Framnes", som kom til Vik om kvelden, ikkje kunne gå vidare før kl. 0200. Då brannen braut ut, vart båten varsla på Sylvarnes. "Framnes" gjorde vendereis til Vik for å yta assistanse. Båten, som kom til Vik i 0600-tida, la ut dei slangane som var om bord og deltok i ettersløkkinga.

Eigen brannkommune
Alle skjønte etter brannen i 1922 at no måtte det bli eit betre brannvern i Vik. Det vart oppretta eigen brannkommune på Vikøyri. Det vart betre kontroll med omnar og piper. Støkken etter to storbrannar på Vikøyri har sete og sit hardt i folk på Vikøyri og i Vik. Då P. P. Kvamme sin forretning brann i 1955, frykta mange ny storbrann. Øyribuarane bar då ut av husa sine for å redda det som reddast kunne. Men til alt hell vart det ingen storbrann den gongen.


Skrive av: Arne Inge Sæbø, og publisert her på VikL: 11. januar 2019 10:41

Meir informasjon og bilder om Storbrann på Vikøyri 1922

Bygd som har tilknytting til hendinga: Vikøyri

Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: