VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Larsen Huset

Vikøyri

Småtti



Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 4. desember 2018 10:21

Dette huset fekk Christoffer Parelius Rasmussen (1826-1913) bygt. Han var landhandlar, postopnar og dampskips -ekspeditør.
Christoffer dreiv med landhandel frå 1848 til 1882. Han dreiv landhandel her frå huset var nybygd til 1865, då kjøpte han nabohuset der Dampen er no, og flytta forretninga over der. Da Rasmussen slutta med handel, bygde han huset nedom meieriet.

Me finn at det fyrste gong vart halde branntakst på huset i 1849, då var det nybygd. Huset er truleg bygt av bergenssnikkaren Jan Lund (1808-). Han arbeidde fleire stader i Sogn midt på 1800-talet. Han var mest nytta til utforming av interiøret i husa. Særleg var han flink med listverk og utskjeringar. I Vik bygde han og Kålhagen, Lensmannsgarden i Bø og Valentinsgarden på Hove. Han bygde og prestegarden og lensmannsgarden i Sogndal, og Hansegarden og apoteket i Lærdal.

Martin Larsen (1873-1927) kjøpte huset i 1903. Han var bakar i eit bakeri som låg rett ovanfor dette huset. Det er etter han huset har fatt namnet sitt.

Etter at Larsenfamilien flytta ut, vart huset leigd bort til bustadføremål og der vart og ei tid drive utsal.

I 2002 kjøpte Ottar Wiik og Knut Iversen huset for å restaurera det og føra det tilbake til slik det såg ut opphavleg. Dei har brukt dei gamle listene eller fått spesiallaga nye slik dei opphavlege listene såg ut.
Dei har og behalde dei gamle dørene som gjekk an å nytta, og fargane som er brukt er tidsrette. Legg merke til inngangspartiet, hjørnelistene og det valma taket.

Huset har vore nytta til fleire utstillingar.


Teksten er skrive: Arne Inge Sæbø.


Larsen Huset

Vikøyri

Småtti


Published: 4. desember 2018 10:21

This house was built by Christoffer Parelius Rasmussen (1826-1913). He was a land merchant, post collector and steamer forwarder. Christoffer is engaged in land trading from 1848 to 1882. He does land trading here from the house was newly built until 1865, when he bought the neighboring house where Dampen is now, and moved the business over there.

When Rasmussen stopped trading, he built the house down the dairy. We find that the first time we had a fire rate at the house in 1849, when it was newly built. The house is probably built by the janitor Jan Lund (1808-). He worked in several towns in Sogn in the middle of the 19th century. He was very clever in designing the interior of the house. He was particularly good with moldings and carvings. In Vik he built and Kålhagen, Lensmannsgarden in Bø and Valentinsgarden in Hove. He built and the parish and sheriff's guards in Sogndal, and Hansegarden and the pharmacy in Lærdal.

Martin Larsen (1873-1927) bought the house in 1903. He was a baker in a bakery that was located just above this house. That's after he got his name. After the Larsen family moved out, the house was rented out for bus purposes and where there was time to sell out. In 2002, Ottar Wiik and Knut Iversen bought the house to restore it and return it to its original appearance. They have used the old lists or got specially created the way the original lists looked. They also have the old doors that could be used, and the colors used are timeless. Notice the entrance, the corner moldings and the valma ceiling.

The house has been useful for several exhibitions.


Writer: Arne Inge Sæbø.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART