VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Fritjov statuen

Vangsnes




Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 22. august 2019 16:24

Fridtjov er ein sagnfigur, det er ikkje ein gong sikkert at han har levd. Namnet er henta frå fornaldersagaen "Fridtjov den frøkne" som vart ei svært populær bok, særleg etter Esaias Tegners gjendikting frå 1823. Keisar Wilhelm II var ein sann Noregsven. Han ferierte i Noreg så å seia kvar sommar frå 1889 til 1914, med keisaryachten "Hohenzollern". Keisaren heldt seg mykje i Sognefjorden og Balestrand. Favorittboka hans var fornaldersagaen om Fridtjov den frøkne som budde på Vangsnes. Han beila til Ingebjørg, dotter til kong Bele i Balestrand.

For å visa si takksemd over gjestfridomen det norske folk hadde vist keisaren, og for å markera at "alle germanske stammer hører sammen", gav keisaren det storslåtte monumentet til Noreg. Statuen er 12 m og sokkelen 10 m høg.

Sommaren 1913 vart det arbeidd med å setja opp sokkel og sjølve statuen, og det vart laga park rundt. Eit 140 m langt smijernsgjerde vart sett opp rundt parken. Statuen var laga av bilethoggar Max Unger i Berlin. På sjølve avdukingsdagen var det mellom 5 000 og 10 000 menneske til stades. Ute på fjorden var det tjukt av båtar, då det den tid berre var sjøvegen som førte til Vangsnes. Keisar Wilhelm og kong Haakon var til stades, likeså tidlegare statsminister Michelsen. Ei mengd bladfolk, fotografar og "kinematografoptagere" var møtt fram. Hendinga vart godt dokumentert for ettertida. Politiet var til stades og var postert ut langs ruta, då ein frykta sabotasje.

Det var ein allé av norske flagg frå sjøen og opp til støtta, og bryggja var pynta med flagg og bjørkelauv. Det vart trongt om plassen for stemnefolki. Dei tyske krigsskipa på fjorden gav ein øredøvande salutt. Orkesteret på "Hohenzollern" spelte ei kantate som var komponert for høgtida. Seinare på dagen var det gallamiddag om bord på "Hohenzollern", og om ettermiddagen var det folkefestar om bord på båtane og på land i Balestrand.

Keisaren var god ven med kunstmålar Hans Dahl, som budde i Balestrand om somrane. Der var det liv og røre i turistsesongen. Det var hageselskap, og dei kondisjonerte var ute og promenerte. Keisaren hadde orkester om bord på keisaryachten, og det vart halde konsertar og spelt til dans. Det var symjeoppvisning, bl.a. hadde Bergen Svømmeklubb konkurranse med tyskarane. Stafettløp vart skipa til. Skipa på fjorden var om kveldane lyssette, og det vart nytta orientalske lamper. Det var og fyrverkeri.

Kjenslene for statuen har vore mange, nokre har vilja riva den. Dette vart særleg aktualisert etter fyrste verdskrig, etter at tyske ubåtar hadde senka mange norske handelsskip. Men turistattraksjonen Fridtjov den frøkne er framleis på plass.


Teksten er skrive: Arne Inge Sæbø.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART