VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Refsdal kraftstasjon anno 1913

Vikøyri

Refsdal



Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 18. januar 2019 11:30

Eit lite stykke frå sjølve Vikøyri ligg Refsdal som er dalen der majoriteten av kraftproduksjonen i Vik kommune er.

Første utbygginga av kraftstasjonen i Refsdal vart gjort ferdig i 1913 og då stod dette bygget som er avbilda ferdig. Bygget var då hovudbygget der kraftproduksjonen i kommunen vart utført, men allereie etter nokre år så vart kraftproduksjonen her for liten og måtte bli supplert med eit dieselaggregat som var plassert på sjølve Vikøyri.

Grunna auka behov for kraft vart det etter kvart bygd eit nytt kraftverk(Refsdal kraftstasjon anno 1957) som stod ferdig i 1957.

Samtidig som den nye kraftstasjonen sto ferdig i 1957 skjedde det ei større ulykke med den gamle kraftstasjonen. Då dei skulle spyle ut den nye tunnelen frå Målsvatnet til Refsdal kom det meir lausmassar enn ein hadde rekna med og det fylde opp elvelaupet slik at den gamle kraftstasjonen vart ståande under vatn. Etter ei stund fekk dei ned det meste av vasstanden, men etter dette vart gamle Refsdal kraftstasjon ståande til forfall.

Etter mange år med forfall kom fleire lokale krefter saman og skipa i 2010, den frivillige organisasjonen Vik kraftlag 2013. Det første store målet deira var å setja i stand hovudbygget til kraftstasjonen sitt 100 års -jubileum i 2013. Det lykkast dei med og i 2013 vart det 2 feiringar; ein om sommaren når restaureringa av hovudbygget var ferdig og ei feiring i november i samband med 100 års jubileet for kraftstasjonen.

Organisasjonen eller laget har i samarbeid med lokale bedrifter og andre støttespelarar som har støtta dei økonomisk fått samla nok pengar til å kunne setje den gamle Kraftstasjonen i orginal stand. Men ikkje minst har fleire enkeltpersonar stilt opp og bidratt med mange arbeidstimar på dugnad for å ivareta og setje denne flotte Kraftstasjonen i den stand den er i dag.
Laget sitt arbeid er i hovudsak basert på frivillige som gjer ein innsats og betaler ein liten kontingent. Dei tek også i mot nye medlemmar som ønskjer verta med for å ivareta dette flotte bygget og anlegget rundt også i framtida.

Organisasjonen Vik Kraftlag 2013 har gjort eit imponerande flott arbeid som alle som ønskjer kan ha glede av dersom ein tar turen til Refsdal og besøker den gamle kraftstasjonen. Ein kan også sjå nærmare på dei mange ulike gjenstandane som laget har samla og som er mogleg å sjå nærmare på vist ein besøkjer kraftstasjonen. Vist ein ønskjer å bli guida på synfaring og få oppleve ein liten del av norsk krafthistorie kan ein ta kontakt med turist informasjonen i Vik som kan hjelpe ein så ein kan besøke dette flotte bygget. Det er også mogleg for større grupper å nytta lokala til ulike arrangement.

Meir om Refsdal Kraftstasjon finn ein også her på VikL under særskilde stadar. Der finn du ein tekst som ein av pådrivarane av varetaking og restaurering av Refsdal Kraftstasjon, Knut Hovland, har skrive. I tillegg kan ein sjå fleire bilde frå kraftstasjonen.


Teksten er skrive: Lars K Hansen.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART