VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Vik Fengsel

Vikøyri




Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 12. januar 2019 12:25

For korttidsdømde
I Vik står det ein murbygning der mange vestlendingar har hatt eit kort opphald. Vik Fengsel vert nytta til varetektsfangar og til avsoning av kortare dommar, t.d. promilledommar.
Fengselet har hatt mange namn: Vikjahuset, Gråahuset, Sjåførskulen, Vikjapensjonatet og Storstova.

Indre Sogn verst
Fengselet i Vik vart teke i bruk 1. oktober 1864, med plass til 12 innsette. Ein viktig grunn til at fengselet vart lagt til Vik, var at bygda ligg omtrent midtveges inne i Sognefjorden. Plasseringa vart godteki både av dei i Ytre og Indre Sogn. Vik var og ei av dei største bygdene i fylket midt på 1800-talet.
I 1857 kom ny lov om fengselsstellet, som påla kvart amt å ha distriktsfengsel. Amtet henta då inn statistikk over talet på fengsla personar pr. år for å bestemma storleiken på fengselet.
Det viste seg då at Indre Sogn hadde tre gonger så mykje kriminalitet som Ytre Sogn. Umoralen var større i Indre Sogn enn i resten av fylket. Amtmannen skreiv i 1835: "Almuen i Nordre Bergenhus Amt står på et ønskeligt Punkt, men herfra må dog undtages Indre Sogn ..."

Plassering
Stadvalet stod mellom Vik, Solvorn, Førde og Eid. Det var og debatt om ein skulle byggja eitt eller fleire fengsel. Økonomiske omsyn kom inn i biletet, og ein bestemte seg for eitt fengsel i Vik for 12 fangar. Amtsformannskapet grunngav det slik: "De fleste fanger kommer fra Sogn, i alle fall i længre fremtid vil dette fremdeles være tilfældet".
Fengselet kosta i alt 15800 spesidalar. Statstilskotet var på 7500 spd. Tomti var på 4 mål og kosta 400 spd.

Før fengselet kom
Før det einaste fengselet i fylket vart bygt, var det lensmennene som heldt arrestlokale kringom i bygdene. Dei fekk då godtgjort for å syta for lokale, brensel, lys, sengeklede, reinhald og mat. Det var stadig rivningar mellom lensmennene og amtmannen om betalinga. Amtmannen saumfor rekningane strengt for å sjå om dei var i samsvar med rundskriv og reglar.
Ein lensmann i Ytre Sogn fekk i 1849 ein skarp merknad for å ha kjøpt ei ullskjorte for 108 skilling til ein arrestant. Amtmannen meinte det rette hadde vore ei strieskjorte til 72 skilling og nekta å refundera meir. Lensmannen hevda at arrestanten var "aldeles nøgen" og at der ikkje var tid til å få tak i ei strieskjorte. Han fekk medhald.
Det var og merknader til at lensmennene heldt arrestantane for lenge, og det hende at rekningane vart reduserte med eitt døgn e.l.

Gamalt og umoderne
Fengselet er i dag (2000) umoderne og stettar ikkje krava til "moderne" soning. Det har difor vore nedleggingstrua på 1990-talet, men dei tilsette og kommunen har engasjert seg sterkt for å halda på fengselet og dei 11 arbeidsplassane der. Vik kommune har utarbeidd planar for modernisering av bygget.

Utbygging.
Etter at teksten over vart skriven er Vik fengsel utbygd og dei nye bygningane sto ferdig i 2007. Det er no ein open avdeling(gamle fengselet) og ein lukka avdeling(nybygget) fordelt på to etasjar. Fengselet har også eige skule og verkstadbygg og har ulike aktivitetar dei innsette kan delta i. 2018 Fekk fengselet også oppført nytt gjerde.


Teksten er skrive: Arne Inge Sæbø.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART