VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Hove Steinkyrkje

Vikøyri

Hove



Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 11. januar 2019 10:43

Blix kjøpte kyrkja
I 1880 leia Peter Andreas Blix restaureringa av Håkonshallen i Bergen. Til dette arbeidet trengde han kleberstein, og han sette inn ein annonse om kjøp av slik stein. Han fekk då tilbod frå Vik om kjøp av ferdighogd kleberstein. Dette vekte mistanke hjå Blix om at steinen kunne skriva seg frå ei mellomalderkyrkje.
Blix sine mistankar var rette. Leverandøren var ein byggmeister i Vik som hadde kjøpt kyrkja for 400 kr. Blix klarte å hindra at kyrkja vart riven, men han fekk ikkje kommunen til å ta vare på kyrkja. Det heile enda med at Blix kjøpte kyrkja for eigne pengar i 1880, og han fekk restaurert kyrkja i åra 1883-88.

Restaurering
Blix sitt mål var å føra steinkyrkja attende til den opphavlege utsjånaden. Han stilte strenge handverksmessige krav. Kleberstein til reparering av murane og komplettering av vindauge og portalar vart henta frå gamle klebersteinbrot i kommunen.
Som på Hopperstad stavkyrkje fjerna Blix alt inventar som ikkje var frå mellomalderen, og la til grunn korleis han trudde og meinte ei mellomalderkyrkje skulle vera. Han fekk målt mellomaldermønster på veggene, sett inn smijernslysekroner i taket og vindaugo fekk glasmåleri.
Utvendig bygde Blix opp eit stort steintårn på den gamle tårnfoten, der det før hadde stått eit tretårn frå 1600-talet. Det er usikkert om kyrkja hadde tårn frå gamalt av. Kanskje har taket over skipet halde fram i same høgd innover tårnfoten.

Ulik kvalitet
Studerer ein murararbeidet, vil ein oppdaga at koret med den halvsirkelforma apsisen (altarrom) er murararbeid av høgste kvalitet. Materialet er kleberstein, og blokkene sluttar seg saman så tett at det ikkje er behov for kalk i fugene. Denne delen må ha vore bygd fyrst, og arbeidet er utført av fagfolk, truleg frå Bergen. Av økonomiske årsaker vart kanskje resten bygd simplare, og truleg var det bygdehandverkarar som overtok arbeidet. Reduksjonen i kvalitet frå aust mot vest er karakteristisk for kyrkja.

Interiør
Av interiøret er det Hovemadonnaen frå midten av 1200-talet som er best kjend. Den er skoren i eiketre. Skulpturen vert rekna som ein av dei finaste mellomalder-skulpturar i Skandinavia. Figuren er truleg laga i Bergen, og er no på Bergen Museum. Elles var interiøret opphavleg svært enkelt. Blix fekk malt på veggene, hengde opp smijernslysekroner i taket og vindaugo fekk glasmaleri.

Blix gravlagd i kyrkja
Peter Andreas Blix, som kjøpte Hove-kyrkja for eigne midlar, døydde i 1901, og vart gravlagd under golvet i Hove-kyrkja. Med full rett står det på gravstaden "Av Kiærlighed Til Kunsten Han Gjenreiste Dette Gudshus". På Vikøyri ved Hopstock hotell er det reist ein stein med relieff av Blix, sett opp i 1981. På steinen står: "Reist av takksame bygdefolk".


Teksten er skrive: Arne Inge Sæbø.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART