VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Skredstova

Arnafjord

Nese



Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 11. desember 2018 10:00

På Nese i Arnafjord står Skredstova, til minne om; Arnafjord-ulukka 2 desember 1811, der tre fjerdedelar av folket i grenda omkom. Det er også sat opp eit minnesmerka på sida av Skredstova til minne om dei omkomne. Skredstova står open for publikum heile året og ein kan gå inn og sjå bilete, gjenstandar og oppslag som fortelj om ulykka.

Skredstova og området rundt er flott sete opp av Jon Nese m.fl. og er absolutt verdt eit besøk, uansett årstid.

Om sjølve skred ulykka er det følgjande å fortelje:

Arnafjord-ulukka 1811

På Nese i Arnafjord var det ei uventa og uhyggeleg skredulukke natti til 2. des. 1811, der tre fjerdedelar av folket i grendi omkom. I alt 45 menneske miste livet. Dei sju oppsitjarane på Nese budde i to nære tun, vest i bygdi, oppunder fjellet. Området har seinare vorte kalla Skreao.
Etter eit langvarig regnver, var det særs ille den natti ulukka hende, med eit ofseleg uver med regn og storm. Den natti var det mange på gardane rundt om i fjorden som ynskte seg til Nese, der var det trygt å vera. Men slik vart det ikkje.
Det tok til med at det losna eit lite ras høgt oppe i fjellet innafor tuni, truleg under Skarshella, og så voks det etter kvart det seig nedetter med stein, jord, snø og vatn. Raset kløyvde seg i to, med ein arm mot kvart tun. Det stod berre eit par hus att, dei hine vart krasa og nedøyrde av jord og stein eller også førde på sjøen. Frå dei gamle tuni og ned til sjøen er det 6-700 meter. Dei enorme skredmassane formeleg ”flaut” nedetter dalen, gjekk på begge sider av kyrkja, og forsvant i fjorden med hus og folk og fe og lausøyre. Det var grunnen til at så mange ikkje vart funne att. ”—totalt at være ødelagt og derefter alt ført paa sjøen, ei kan have levet mange Minutter fra Faren rammede dem --” skreiv sorenskrivaren i skifteboki. Dei 11 døde som dei fann att, vart gravne fram av gjørma heilt frå tuni og nedetter heile dalen til sjøen. Frå alle grendene ikring kom det folk og hjelpte til med å grava fram or skreda.
Morgonen etter flaut det hustømmer og anna ut heile Arnafjorden og langt innetter ”Store-
fjorden”. Veggen av ein fjøs fann dei att på Vangsnes – og bjøllekyra hang i veggen etter klaven.
Det var i 1- 2-tidi, natti til ein måndag, dette hende. Folk hadde vore til kyrkje om søndagen, og dei hadde vore saman i gjestebod om kvelden. Dei fleste heldt nett på å gå til ro for natti. Det gjekk for snøgt til at det var tanke om å berga seg, og det var stummande mørkt. Dei fleste vaksne kom vekk, det var helst større born og unge som berga seg. Dei hadde gjerne sengeplass på halvlemmen i stova, på klevelemmen eller på fjøslemmen. --og ”de fra Ødeleggelsen levende Mennesker har huusløse vanket om hos Nabogaardens Folk,” skreiv sorenskrivaren i skifteboki i mars 1812. Ein tragedie me lite forstår.
Då Anfin Refsdal var ung lærar på Strendene, snakka han med ei gamal kvinne som hadde berga seg i skredet. Ho og tre andre ungdomar låg på ein fjøslem. Ho fortalde at trykket av skredmassane hadde pressa taket ned slik at dei kunne ikkje røra seg i sengene. Dei låg og snakka med kvarandre, men kunne ikkje hjelpa einannan. Ei av dei fire jentene vart pressa så hardt av taket at ho ropte: ”No døyr eg.” Dei høyrde ikkje meir, og det vart slik.
Ei jente som heitte Torbjørg vart også berga. Ho hadde vore i kyrkja om dagen, og om kvelden hengde ho kyrkjestakken på sengestokken. I skredet siglde sengi med jenta i langt nedetter dalen, men vart til sist skola bort i bakken nede ved kyrkja, så jenta vart berga – og stakken med. Truleg var dette ugifte Torbjørg Oladtr. Nese (1775-1859) frå br.nr. 8. Ho var frå før svak og vanfør, og vart i ulukka ”—yderlig knudst paa Arme og Been.” Frå 1848 kom ho på legd.
Det huset som stod mellom dei to tuni stod att, men skorsteinen datt ned og drap ektefolki, Torstein Olason Nese (1771-1811) og kona Anna Larsdtr. Nese (1764-1811) frå bnr.2. Dei tre borni overlevde, Durdei f. 1801, Lars f. 1803 og Malena f. 1807.
Berre på ”Lasse-garden” (br.nr.3) er det enno att same ætti som før skredulukka. Her overlevde syskena Barbra (1785-1818) og Kristen Lasseson Nese (1790-1854).
I mars 1812 kom sorenskrivaren i gang med registrering og skifte etter kvar og ein av dei som -- ”Natten mellom 1. og 2. December f. Aar ved denne udgangne store Fjeldskrede, pludselig var dødslagne og bleve Offer for denne skrækkelige Ødeleggelse.”
Etter det som går fram av dei skifte som vart haldne våren 1812 og seinare, vart det berga meir lausøyre enn ein skulle tru, slikt som flaut på sjøen eller vart grave fram der skreda hadde gått. Men stort sett vart dei overlevande ribba for alt som dei frametter skulle livberga seg med , hus, buskap, avling, matvarer og dertil øydelagd jord.
1812 var som kjent eit uår av dei verste med stor naud på Vestlandet. I ei samtidig fråsegn heiter det ”—siden høsten 1811, altså to vintre og en sommer næsten dagligen regn og søndenvind, uden kulde og snee, et langvarig uveir –”. Ved jonsokbel var det så kaldt at stille fjordbukter vart islagde, og det kornet som vart moge, rotna på staur. Uåri gav såleis ikkje ljose voner for dei som overlevde og skulle byggja garden oppatt. Til dei fleste bruki kom det nye folk, og tuni vart flytta til tryggare plassar.
Oppå hustuftene og den gamle åkermolda ligg det eit lag med 1-1 ½ meter med skredmassar. Dette vert også nemnt i skifteprotokollen: --” den store Mengde Steen og Gruus der ved denne Ødeleggelse er nedført fra Fieldet.” Truleg var breidda på raset om lag 140 m. Ved dyrkings- og grøftearbeid i seinare tid, har ymse ting vorte funne att på den gamle tunstaden, og teke vare på.
I lang tid etterpå var det ein uhygge over staden der skreda hadde gått. Folk fortalde seinare at dei i mørke haustnetter høyrde jamring og naudrop framme i ”Skreda”. Fjellsida under Skarshella har seinare ikkje synt teikn til nye skred.
Men livet måtte gå vidare, og skredjorda er no dyrka, - ein ser ikkje merke etter den store ulukka meir.


Omkomne etter skredulukka på Nese
Det budde 61 personar i dei to nære tuna som vart råka, berre 16 overlevde. Etter det kyrkjeboki fortel, fann dei att berre 11 av dei 45 personane. Desse vart gravlagde 8. des. i ei felles grav.

Desse var: alder år. kom frå br.nr..
Sigrid Hermundsdotter 27 1
Brita Botolvsdotter 5 1
Enkja Ingri Olsdotter 65 5
Jenta Anna Eriksdotter 29 5
Peder Hansson 6 Nessane
Jenta Kari Siursdotter 19 8
” Gjertrud Knudsdotter 6 8
Lasse Ellingsen Nese 63 3
Jenta Dordei Erichsdotter 33 12
Torstein Olsen 40 2
kona Anna Larsdotter Nese 47 2

Desse fann dei ikkje att:
Ole Erichsen 44 5
kona Sigrid Hermundsdotter 28 5
Borna Guttorm 13 5
” Gjertrud 10 5
” Britha 4 5
” Ingri 1 ½ 5
Drengen Poul Torgerson 23 Vikøyri
Jenta Sigrid Andersdotter 57 Hellane
” Magnilla Knudsdotter 19 Plass Nese
Knud Vilhelmsen 42 8
kona Barbro Erichsdotter 49 8
borna Siur 8 8
” Sigrid 3 8
Drengen Elling Andersen 19 Vikøyri
Ole Larsen 50 10
kona Lucie Johannesdotter 30 10
dotter Kari 9 mndr. 10
Enkjemann Lars Olsen 88 10
Enkja Kristie Ellingsdotter 60 12
Stefhen Lasseson 31 3
kona Anna Olsdotter 24 3
dotter Britha 1 3
Elling Lasseson 28 3
kona Sigri Hansdotter 24 3
borna Kari 4 3
” Sigri 2 3
Kona Sigri Stefhensdotter 70 3
Botolph Hermundsen 33 1
kona Gøri Andersdotter 33 1
borna Agatha 4 1
Synneva 1 1
Enkja Britha Andersdotter 75 Plass Nese
Husmannskone Kari Sveinsdotter* 52 Vettei, Borgund
sonen Bård Johannesson 12 ”

*Ei fattig husmannskone frå Borgund og sonen hennar gjekk på Nese og bad om ”arbeid og brød”.

I tillegg kan ein her lesa om bakgrunnen for denne flotte stova og minnesmerket:

Minnesmerket
Bakgrunnen for at det no vart reist eit minnesmerke over denne store skredulukka, var at det tidlegare ikkje var noko form for minne etter dei 45 omkomne. Me tykte at dette måtte markerast på ein eller annan måte.
På eit møte i Arnafjord bygdeutval 5. febr. 2001 vart det oppretta ei nemnd for prosjektet ”Storskreda på Nese 1811”. Jon Nese, Karen Weichert, Tage Heggenes og Nils Kvamme vart valde.
Eit forslag om bautastein vart vraka. Målsetjinga for prosjektet var å oppretta ein kombinasjon av minnesmerke og informasjonshus i nærleiken til dei gamle tuni. Nemndi fekk kjøpa 1 mål jord frå br.nr. 8, eigar G. G. Heggenes, dette vart ein passande plass. Ved grøfting av skredområdet, vart det teke vare på 45 store steinar frå skredmassane, ein stein for kvar av dei omkomne.
Arbeidet med planlegging, faktaopplysning og finansiering tok mykje tid. Me ynskte at mest muleg av byggematerialane til bygget skulle hentast frå bygdi. Og våren 2005 vart grove furestokkar henta fram med taubane frå skogateigen til Jon Nese. Om sommaren vart stokkane skorne på bandsag i Belehagen ved hjelp av dugnadsarbeid. Etter ei tørketid på eitt år på ”Mylla”, vart tømmeret frakta til Fresvik for lafting. Asbjørn Hauglum og Audun Thorvaldsen gjorde ein god jobb - og eit prima hus kom på plass i sept. 2007.
Parkeringsplass for nokre bilar er tillaga, og seinare vert eit gamalt eldhus frå Dale sett opp.
Ein heil del arbeid har vorte gjort på dugnad, og me må takka dei som har vore med for å få minnesmerket på plass.
Elles vil me arbeida vidare med å høgja kvaliteten på innhaldet i ”Skredstova”.
Jon Nese

”Skredstova” står ferdig, bygt av stein, furetømmer og torv frå Nese. Huset rommar informasjon om ulukka og folk og er på 30 m2.

”Det var på tide at bygda fekk reist eit minnesmerke,” sa landets fremste skredhistorikar Astor Furseth, då han opna minnesmerket 28. sept. 2008 med å avduka minneplata over dei omkomne. Dei 45 steinblokkene er gravne opp av skredmassane etter raset. Innskrift:
45 STEINAR FRÅ RASET 2. des. 1811. - TIL MINNE OM DEI 45 OMKOMNE.


Teksten er skrive: Arne Inge Sæbø.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART