VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Ta kontakt:

Kjenner du til ein eller fleire bygningar som burde vera med her?

Ta kontakt så også det kan komma med.

Meir innformasjon om korleis ta kontakt finn du på innformasjon og kontakt sidene.


Fiske -Guri Huset

Vikøyri

Småtti



Dette innhaldet vart lagd ut på VikL: 4. desember 2018 10:11

Dette minste huset på Vikøyri vert kalla Fiske-Guri-huset etter Guri Jonsdotter Vikøren (1845-1929), ho budde i huset til ho døydde i 1929. Guri hadde vore gift med Lasse Larsson Vikøren (Fiske-Lasse)
1853-1897, familien budde på Sæle i Kvamsøy til Lasse døydde, berre 44 år gamal, då flytta Guri til Vik.

Huset har berre ein gang og ei stove, og huset hadde opphavleg torvtak. Etter 1929 har ingen budd i huset, men var nytta som lager for sonesonen som dreiv kommisjonshandel for ein ullvarefabrikk. Han fekk huset bygt om og la på nytt tak i 1936, det var då det fekk den utsjånaden det har i dag. Huset vart restaurert i 2002.

Fiske-Guri var ein av dei mange fattige på Vikøyri som måtte ha hjelp for å klara seg. Ho livberga seg som så mange andre øyringar ved å ha nokre få sauer, leigde seg ein åkerflekk og arbeidde på gardane kringom i bygdi i onnene. Ho fekk leiga huset av Sjøtungarden med p gjera pliktarbeid på garden. | tillegg dreiv Guri med spinning og veving. Men ho måtte som så mange andre ha hjelp av fattigkommisjonen.

I 1916 og fleire år framover fekk ho 5 kr i julebevilling. Ho fekk og tilskot frå eit legat som heitte Fastingslegat, av det fekk ho 15 kr i 1922.

Guri og Lasse hadde tre born som vaks opp, Johan 1876, Jensina 1879 og Anna 1886. Johan og Anna hamna i Bergen, og Jensina vart gift i England.


Teksten er skrive: Arne Inge Sæbø.


Fiske -Guri Huset

Vikøyri

Småtti


Published: 4. desember 2018 10:11

This small house on Vikøyri is called the Fiske-Guri house after Guri Jonsdotter Vikøren (1845-1929), who lived in the house until he died in 1929.

Guri had been married to Lasse Larsson Vikøren (Fiske-Lasse).1853-1897, the family lived on Sæle in Kvamsøy until Lasse died, just 44 years old, then Guri moved to Vik.

The house has only one room and a entrense, and the house had original peat roofs. After 1929 has no bids in the house, but was useful as a warehouse for the son that runs commission trade for a woolen factory. He remodeled the house and re-roofed it in 1936, which is when it got the cutout it has today. The house was restored in 2002.

Fiske-Guri was one of the many poor people in Vikøyri who needed help to cope. She lived like many other earrings by having a few sheep, rented a field and worked on the gardens around the countryside in the ovens. She rented the house of the Sjøtungarden with a do on the garden. In addition, Guri drives with spinning and weaving.

But she, like so many others, needed help from the poor commission. In 1916 and many years to come she received NOK 5 in Christmas allowance. She received and received from a grant called the Fastingslegat, of which she received NOK 15 in 1922.

Guri and Lasse had three children who grew up, Johan 1876, Jensina 1879 and Anna 1886. Johan and Anna ended up in Bergen, and Jensina was married in England.


Writer: Arne Inge Sæbø.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART