VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Kafe Øyri

Vikøyri

Sentrumsgata


Lokal kafe som følg ein lang tradisjon

Her kan ein få:matservering

Kafe Øyri AS blir i dag driven av Ivar og Irene Fykse og du kan finna meir om Kafe Øyri si drift på kafeoyri.com

Her kan du lesa om Kafe drift opp gjennom tidene på Vikøyri:

Kaffistova
Omtrent der Sogn Gullsmedforretning ligg, hadde Peder S. Kvamme (1863- 1951) bustadhus. Han dreiv som målar. Kona Anna var svært flink til å baka, og rundt 1910 starta ho opp med ein liten kafe i heimen og kalla han Kaffistova. Storstova vart kafelokale, med utsikt mot sjøen. Resten av huset var bustad for familien, men kjøkenet tente og som kjøken for kafeen. Anna bakte og kokte kaffi og serverte dei som kom innom. På den tid då Kaffistova starta opp, var det ikkje andre kafear i Vik. Nordstren- dingar og dalingar var stamgjester. Ikkje e minst dei frå Nordstrondi var flit- tige brukarar av kafeen. Det hadde kan- skje samanheng med at Peder Kvamme også kom derifrå opphavleg. Folk frå Kvamsøy og Nessane kom roande eller seglande over fjorden. Dei kom gjerne tidleg og sette seg inn på Kaffistova for å få seg vann kaffi og litt smørbrød etter turen over fjorden. Ver og temperatur var ikkje alltid like bra.
Dalingar var og flittige innom kafeen. Dei hadde lang veg heim og likte å setja seg ned med mat og kaffi og prata med andre før heimturen. Opningstidi var frå mor- gonen av når vertskapet vel hadde stått opp og fått kaffikjelen på omnen. Stengetid var kl 2100.
Omkring 1925 vart drifti av Kaffistova innstilt. Anna Kvamme døydde i 1923. Den fyrste kafeen i Vik var historie. Huset der Kaffistova heldt til, brann i 1955.

Fyliskafeen
Like nordaust for Larsenhuset var der ein kafe som vart kalla Fyliskafeen, men på skiltet på huset stod det Cafe Central Logi
Det var Edvard A. Vikøren (1871- 1945) og kona Anna Monsdtr. Thorsen (1867-1946) som dreiv kafeen. I tillegg til kafe og overnatting, dreiv Edvard bakeri og forretning. Edvard kjøpte dette huset som stod på Sjøtun, reiv det og sette det oppatt på Vikøyri. Huset vart bygt opp med høg grunnmur. Det var bakeri i kjellaren, kafe og forretning i 1. etasje og rom til utleige på kafeloftet og i privathuset. Edvard fekk handelsløyve i 1903. Han gjekk konkurs i 1917 og slutta då med handel, men kafe dreiv familien heilt fram til faren døydde i 1945.

Gimle kafe
Johannes Hove—bygget som var ferdig i 1930, det er der Frisørstova er i dag, har det vore mange slags verksemder opp gjennom tidene. I 2. etasje starta Johannes Hove med Gimle herbyrge og kafe. Gimle hadde 5 rom og 10 senger til utleige. I 1954 leigde Johannes kafe- en bort til Henriette Skulstad som dreiv kafeen fram til 1960. Ho var frå Dale i Hordaland og var fødd 1915. I 1960 leigde Ungdomsheimen 2. og 3. etasje i bygget, dei brukte nokre av rommi til overnatting for reisande og turistar.

Ungdomsheimen
Administrasjonshuset vart innvigd i november 1960, og same året starta ein opp kafe i bygget. Det var Sogn krins av Noregs kristelege ungdomsforbund (NKU) som sto for drifti frå starten av. Dei dreiv fram til 1971, då hadde kafeen gått med underskot ei tid. Der var fleire styrarar, ei tid Inga Fjæren frå Sogndal. Etter NKU vart det Vik Sokneråd som tok over kafeen i 1972. Andre aktuelle leigetakarar var Carl M. Riiber og Tore Kristoffersen som hadde flytta til Østenfor Turisthotell på Nesbyen etter å ha drive kafe i 2. etasje i gamle S-laget.
Sogn Billag ivra sterkt for at kafeen måtte halda fram pga haldeplas- sen for bussane som var like ved. Dei hadde møtt motbør i Vik fordi dei stoppa på Vinje, og dei hadde då kutta ut den stoppen. Dei sende brev til Vik For- mannskap der dei bl.a. skreiv: Vi er klar over at det er kafear elles i Vik, men desse ligg ikkje slik til at dei kan nyttast på same måte utifrå den haldeplassen som vi har. Vi har heller ikkje mogleg- heiter til å laga til ein ny busstoppstad då vegvesenet neppe vil godkjenna ein stopp av bussane, ei til fleire vogner, t.d. ved Hopstock hotell. Dei peikte og på tilgang til toalett. Dersom det ikkje vert kafe' i Vik, vil billaget alt frå haus- ten av vera nøydd å ta dette momentet inn i sine betraktningar for ruteoppsettet, og køyra tvers gjennom og heller ta stoppen på Vangsnes der ein har kafé- plass og toalettanlegg.
Vik Sokneråd stod for drifti til 1981, då tok Sogneprodukter over. Kafeen vart ikkje lukrativ for soknerådet heller, og i 1980 måtte dei søkja om å få etter- gjeve husleiga på 5000 kr. Det fekk dei innvilga og. Dei var og plaga med hær- verk, ruter vart knuste og det gjekk hardt utover toaletti. Anna Røyrvik var styrar fram til januar/februar 1980, då tok Marta Tjønn over. Ho og mannen Nils Tjønn hadde vore busette på Oppheim.
Sogneprodukter fekk ein avtale med kommunen som galdt i 10 år. Husleiga vart sett til 9000 kr. I 1991 vart leigeav- talen mellom Sogneprodukter og Vik kommune forlenga med nye 5 år, og galdt då til 1.4.1995. Men innteningi var for dårleg, og Sogneprodukter dreiv berre ut 1993. Dei bad om fritak for lei- ga dei to siste månadene av 1992. Desse åri arbeidde blant anna Ingebjørg Hol- stad. Bjørg Seim, Solveig Sværen, Mar- git Tenold, Annemor Christensen og Hildur Teigen på kafeen.
Kafeen hadde ikkje berre rein kafé- drift det var bryllaup, konfirmasjonar og møte av ulikt slag. Det kunne vera to konfirmasjonsmiddagar samtidig for lokalet kunne delast av med skyvedør. Levering av mat til barnedåp, gravfer- der og andre tilskipingar var det og ein del av. Turistbussar stoppa og passasje- rene kom innom for kaffi, smørbrød og kaker. stundom kunne det vera to bussar for dagen. På l990-talet vart det halde kommunestyremøte i lokali og det vart og ei tid nytta som pauserom for dei kommunetilsette
Etter Sogneprodukter var det Kjellfrid Svendsen som tok over etter avtale som gjaldt frå 15.3.1994 til 1.4.1999. Kafeen '. vart då oppussa. Men Kjellfrid vart sjuk, : og Ruth Jorunn Tistel og Anita Lindelid overtok kafeen i mars 1997. Då hadde dei alt drive kafeen ei tid. Då vart hus- leiga 1 sett til 31000 kr pr år. Dei dreiv kafeen fram til februar 2008, då vart det bestemt at lokali skulle nyttast til nye NAV-kontor. Lokali måtte byggjast om, og 11.11.2008 flytta NAV inn. Så etter knappe 50 års drift, var det slutt på kafeen i kommunehuset på Vikøyri.


2. etasje Dampen
Der Dampen er i dag. var det tidlegare « kolonialhandel Tidleg på l930 -talet kjøpte Mons Thorsen (1899-1983) Wangenhuset, han bygde på huset og moderniserte bakeriet som låg nett opp- om I butikken selde Mons bakarvarer, kolonial og daglegvarer. Alle bakeri med respekt for seg sjølv, bør ha ein spesialitet. Hjå Mons var tebrødstang, betre kjent som bondetebrød, ein slik særeigen spesialitet. Det var mykje mat i desse tebrødi, og bøndene kjøpte dei flittig.
Tre av systrene til Mons, Borghild, Anna og Marie, ekspederte i butikken. Før krigen starta så systeri Johanna med kafedrift i 2. etasje over butikken. Det var eit populært føretak, og ungdomen samlast der om kveldane.

Kafe på hotellet
I rommet som vende ut mot hovudgata i nord, var det kafe i mange år på Hop- stock hotell. Her kom den fyrste juke- boksen i Vik, og det vart eit populært innslag. Her var det kafe heilt fram til bygget vart rive for å byggja nytt i 1972. Nokre år var kafeen i Tingstova.

Tores kafe
I 2. etasje i gamle S—laget der Hos nabo- en er i dag var det kafe ei kort tid. Tore Kristoffersen skreiv leigeavtale i 1970, men alt i 1972 flytta han frå bygdi. Tore var kokk hjå Tom Eide som dreiv hotellet. Elles har det vore kafe/pub på Dampen på Samyrkelaget, det har vore konditori i Vikjatunet, Zappas på Rulsen, men desse skriv me ikkje noko om her.

Hopstock hotell
Hopstock hotell vart brann skada i 2010, det hotellet vart opna i 1973. Det gamle Hopstock hotell er borte. Det hotellet vart truleg bygt etter storbran- nen i 1838. Ole Andreas Hopstock kjøpte hotellet i 1847, og sidan den tid har hotellet hatt namnet Hopstock. Det gamle hotellet var eit kvitt trehotell som stod kloss i riksvegen gjennom Vikøyri. Det var store protestar frå miljøvern- hald då hotellet vart rive, men kommunestyret og eigarane meinte at det gam- le hotellet var for gamalt og tungvint, og at utbetringar ville bli svært kostbart og vanskeleg.
Hotellet hadde ein flott og vidgjeten hage med lysthus, tre, planter, benker og grusgangar. Det var ei grøn lunge midt nede i sentrum av Vik. Det var pla- nar om å gjenskapa noko av den gamle Hopstockhagen aust for hotellet, men det vart aldri. Gamlehotellet inneheldt både ting- stove, kafe og i eit nabobygg var der telefonstasjon.

Kafe Øyri AS
Dei seinare åra har det vore kafe drift i gamle samvirkelag bygget som no er eigd av Knut Mykeltveit. I løpet av 2018 vart drifta av kafeen overteken av Ivar og Irene Fykse frå Leikanger som i dag driv Kafe Øyri i nyoppussa lokale. Ein kan der få servert forskjellig mat kvar einaste dag på ein kafe som følgjer ein fin tradisjon her i bygda.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART