VikL

HEIM INFORMASJON KONTAKT Logg inn

Vik samyrkelag

Vikøyri

Sentrumsgata


Koorpativ mat og jernvare forretning med historie.

Her kan ein få:butikk

Vik Samyrkelag vart skipa i 1935. Den 17. januar vart det halde mine i heradshuset i Vik, og det vart samrøystes vedteke å oppretta eit kooperativt handelslag i Vik. Butikken opna dørene 03.09.1935 leigde lokale hjå Anna Rivedal, huset vart kjøpt i 1939. Bakeriet som Rivedal hadde hatt kjøpte samyrkelaget i 1946 og dreiv då eige bakeri frå same året. Sigvard Naas var fyrste styraren i Vik, Sigmund Lavik var fyrste butikkdrengen hans. med ei løn på kr 85 pr. månad med fritt hus . Det synte seg snart at det var liv laga for eit kooperativt handelslag, og laget arbeidde mykje med å skaffa større og fleire lokale. ARA leigde laget frå 1955, og i 1963 vart bygget kjøpt. Eit tilbygg til gamlebygget vart ferdig i 1960, der var det snarkjøp i 1. etasje. Mange reagerte nok i ettertid på utsjånaden til nybygget, ein firkanta kasse med store vindauge. Då kommunen overtok bygget, vart det bygt om i stil med gamlebygget. Sjølv med nybygg trengde snart samyrkelaget meir plass, og i 1965 vart det inngått avtale med Richard Kvamme om leige av 110 m2 i 1. etasje i forretningsbygget hans. Ivar S. Vikøren hadde drive skotøy-forretning der. han slutta og vart avdelingssjef på den nye skotøy-avdelingi til samyrkelaget.

Etterkvart vart det bygging på tomti som laget hadde sikra seg, Og i august 1970 vart det nye varehuset opna, det som me kjenner i dag. I 1980 vart nytt lagerbygg ferdig ved ARA, og i 1983 vart kombinert lager/bustadhus ferdig. Den gamle hovudforretningen vart leigd bort. I 1969 vart det inngått leigeavtale med Tom B. Eide som dreiv Hopstock hotell, men kort tid etter flytta han frå bygdi. Ny leigeavtale vart skriven med Tore Kristoffersen i 1970, men han flytta og raskt frå bygdi. I 1972 leigde så Vik Offset 25 m2 i 1. etasje, og same året fekk Carl M. Riiber leiga snarkjøpet. Kjellaren vart utleigd til Ingvald Målsnes, og Sogneprodukter hadde fire hyblar i bygget. I 1976 vart så gamle- og nyebygget kjøpt av Vik kommune og vart omgjort til Kommunehus 2.

I dag, 2019, er det gamle samyrkelag bygget eigd av Knut Mykkeltveit og inneheld blant anna Kafe Øyri, tannlege og ambulanse -vakt. Samyrkelaget sitt namn og utsjånad har endra seg med åra og er i dag kjend som Coop Extra Vik og Byggmix Vik.


Prosjekt:

Du er hjartleg velkommen til å følgje oss og det me gjer på:

Kategoriar:


Open kategori:


Meir innhald:

Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.

Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder:


Detaljert merka kart:

Her finn detaljerte merka kart, med ulike bygder, stadar, bygningar m.m.

KART