VikL
Kraftstasjonen i Refsdal kom i drift i november 1913 etter lang tids planlegging. og er eit av dei første kraftverka for allmennforsyning på landsbygda i Noreg. Då hadde det vore under planlegging i lang tid. Ei nemnd med 10 personar frå Vik sto for planleggingsarbeidet. Dette var ingen smågutar. Ein av dei, Edvard Liljedahl, var på det tidspunktet kyrkje og utdanningsminister. Formannen i nemnda lensmann og bankdirektør Anfin Øen, vart seinare Stortingsrepresentant. Han døydde i 1928. Det vert sagt at han døydde med klubba i handa mens han dirigerte Stortinget. Utan den autoritet og gjennomslagskraft desse karane hadde, ville nok Vik ha måtta venta på elektrisitetsforsyning i mange år.
Stasjonen var i drift til 1957 då den vart avløyst av det nye kraftverket nokre 100 meter lenger oppe i dalen. Den fekk ein brå og ikkje planlagd slutt då ein skulle spyla ut den nye tunnelen frå Målsetvatnet til Refsdal. Det kom meir masse og vatn ut enn ein hadde trudd. Dette tok med seg meir lausmasse nedover lia og fylte opp elvelaupet og også avløpskanalen for det gamle kraftverket med masse. Noko kom også inn i tilførselkanalen, inntaksdammen og røyra slik at det vart ein bråstogg som ikkje kunne reparerast utan store kostnader. Stasjonen vart då nedlagt, gløymd og gøymd heilt til ideen om restaurering av dette stilreine og vakre bygget vart teken opp etter århundreskiftet. Sjølve bygget sto ferdig restaurert sommaren 2013 slik at ein då kunne feira 100 årsjubileum.
Stasjonen vart planlagd av ingeniør Ragnar Hansen. Planen var at han også skulle leia byggearbeidet, men slik gjekk det ikkje. Han omkom i ei drukningsulukke i Sirdal under eit anna oppdrag. I staden vart det Gjert Bruaas frå Lavik som kom til å leia byggearbeidet.
Stasjonen vart utstyrt med ein generator på 250 hestekrefter som var måleeininga for kraft den gongen. Dette tilsvara 184 Kilowatt. Praktisk årsproduksjon av ein slik generator når ein tek omsyn til nedetid for vedlikehald og annan driftstans, samt at forbruket ikkje var like stort som kapasiteten heile tida, kanskje vera opp mot 1 Gegawattime. (l million Kilowattimar) Dette er ikkje så mykje etter vår tids målestokk, men på den tid såg ein det som eit kjempebyks i utvikling. Jamfør uttale frå Anfinn Øen: ”Den største begivenhet i vor bygds utviklingshistorie" og " Bidra til å skaffe levelige vilkår for alle”
Til samanlikning er produksjonen i dei tre kraftverka som i dag utnyttar vatnet frå Vikafjellet og til slutt renn ut i Vikja om lag 1000 gonger større. Som sagt vart det installert ein generator på 250 hestekrefter i stasjonen. Men ein innsåg at dette etter kvart ville bli for lite. Difor vart bygningen dimensjonert for ei dobling ved å setja inn ein like stor generator til når behovet melde seg. Denne utvidinga vart aldri gjennomført. Difor er bygningen romsleg og ikkje berre eigna til teknisk museum, men også til mindre kulturelle tilstellingar og undervisning.
I 1918 til 1920 vart ei utviding planlagd. Dette føresette at det vart utført ei omfattande regulering oppe i fjellet. Frå dette arbeidet har me fått hand om ei planteikning av nedslagsfeltet og eit snitt gjennom stasjonen, røyrgata og inntaksdammen. I planteikninga er det også teikna inn jernbane mellom Vik og Voss. Her kan ein merka seg at det er lagt inn ein jernbanestasjon oppe i tunet i Refsdal. Dette blir då meir som ein kuriositet sidan bana tilliks med utviding av stasjonen aldri vart gjennomførd.. Det større kraftbehovet i kommunen vart seinare løyst ved å montera opp ein dieseldriven stasjon nede på Øyri. Denne vart kalla ”Galehesten” fordi det var mykje problem med den, og dei hadde reguleringsmessige vanskar med samkøyringa.
Kraftstasjonen gjekk frå starten i 1913 og fram til 1948 under namnet: ”Vik kommunale elektrisitetsverk". I 1948 vart ”LL Vik Kraftlag” skipa og det selskapet eigde stasjonen fram til 1957 da alle deira anlegg inkludert stasjonsbygningen vart overdregne til Sognekraft. Det frivillige laget som overtok kraftstasjonen i 2010 har gjennomført restaurering av bygningar som kulturminne og har teke namnet "Vik Kraftlag 2013”
Klikkar du inn på lenkjene under, vil du finne informasjon.
Blant anna liste over bygningar, stadar og bedriftar i følgjande bygder: